Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Logo for frisklivssentralen
Av:  Stord kommune
Publisert:  18.09.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 14.02.2017

Frisklivssentral

Oversikt over aktivitetar finn du i timeplanen til høgre.

Frisklivssentralen er eit førebyggjande helsetilbod under Eining for aktivitet og rehabilitering. Frisklivssentralen gir tilbod til personar som treng rettleiing og oppfølging for å få meir helsefremjande levevanar. Levevanar som verkar inn på helsa er til dømes fysisk aktivitet, kosthald, røyking og sosial kontakt.

Frisklivssentralen har både individuell oppfølging, gruppetilbod og ulike kurs.

Døme på faste aktivitetar:

  • Individuell frisklivssamtale og rettleiing
  • Trening i gruppe ute (kondisjon og styrke)
  • Trening i gruppe inne i sal
  • Styrketrening med apparat
  • Trening i gruppe i basseng

Døme på kurs:

Kursa vil som regel vere opne for alle interesserte. Oppstart av kurs blir kunngjort med plakatar og ved annonse i lokalavisa. Ta kontakt med Frisklivssentralen for meir informasjon om kursa. 

Kostnader:

Faste aktivitetar er gratis for personar med frisklivsresept. Dei fleste kursa har kursavgift under 400 kr. Kontakt Frisklivssentralen for meir informasjon. 

Målgruppe

Frisklivssentralen er eit tilbod til personar i alle aldrar som, av omsyn til helsa, treng hjelp til å endra levevanar. Bakgrunnen kan vera risiko for å utvikla eller forverra sjukdom, eller at du opplever redusert livskvalitet. Sentralen kan i tilegg fungera som kontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Vilkår

For å nytta dette tilbodet, treng du tilvising frå Helse-, sosial-eller barnevernstenesta. Spør fastlege, fysioterapeut, heimesjukepleiar, NAV eller barnevernet om frisklivsresept.

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Stord frisklivssentral har base i Stord kommunale rehabiliteringssenter - Lønningsåsen 9,

5417 Stord

For kontakt:

Leiar frisklivssentral: Andreas Sirevaag tlf: 414 05 425

Telefon: Eining for aktivitet og rehabilitering: 53496705 / 53496695

Annan informasjon

Sjå film om Frisklivssentralen:

Filmen er laga av elevar ved Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule.

Søkeord

friskliv, livsstil, livsstilsendring, røykeslutt, frisklivssentral,

Brosjyre og skjema

Kontakt Frisklivssentralen

Måndag og onsdag 8-15

Telefon

Andreas Sirevaag tlf. 414 05 425

Anders Grindahl

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen