Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  04.08.2014
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 24.09.2014

Demensteam

Omtale

Demensteamet i Stord kommune er eit tverrfagleg team sett saman av ein sjukepleiar og ein ergoterapeut.

Føremål

Føremålet med arbeidet i demensteamet er tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.


Kvifor er utgreiing av demens viktig?

  • Tidleg diagnostisering og sikra rett diagnose
  • Kan gi høve til medikamentell behandling som senkar utvikling av demens
  • Kan gi behandlingstilbod i dagavdeling
  • Gir høve til iverksetjing av tiltak som praktisk hjelp i heimen, heimesjukepleie og korttidsopphald i sjukeheim.

Arbeidet i teamet

Demensteamet brukar kartleggingsverktøyet utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens: Demensutredning i kommunehelsetjeneste.

Demensteamet mottek tilvising frå lege, heimesjukepleie, kundetorg og pårørande. Ein kan nytta tilvisingsskjema som kan sendast direkte til demensteamet.

Teamet innehar informasjon og tek kontakt for å avtala heimebesøk. Det er alltid pårørande som vert kontakta for å laga avtale. Demensteamet sender også ut skriftleg melding om heimebesøk.

Til heimebesøket set ein av ca. to timar der følgjande vert kartlagt:

  • Aktivitetane i dagleglivet
  • Mental funksjon og åtferd
  • Pårørande sin situasjon
  • Tryggleik i bustad
  • Nettverk og noverande tiltak

Ergoterapeut og sjukepleiar går saman på heimebesøk, og både brukar og pårørande er tilstades. Sjukepleiar har samtale med pårørande om korleis brukar fungerer, og pårørande sin situasjon i forhold til brukar. Ergoterapeut har samtale med brukar der ein blant anna tek MMS-test og klokketest og går gjennom tryggleik i heimen.

Etter heimebesøket vert det skrive ein rapport som vert sendt til fastlege saman med kartleggingsskjema. Demensteamet ber pårørande/brukar bestilla time hos fastlege.

I etterkant av legetime er det ynskjeleg med eit samarbeidsmøte mellom fastlege og demensteam der ein kjem fram til ein konklusjon med eventuell diagnose, og drøftar vidare tiltak. Det er fastlege som skal informera brukar og pårørande om resultatet.

Brukarar som får ein demensdiagnose får oppfølging i form av hjelpetiltak i samarbeid med kundetorget. Dei som ikkje får ein demensdiagnose etter første utgreiing kan bli følgt opp med ei ny utgreiing etter 6-12 månader.

Last ned demensteamet sin brosjyre

Ekstern informasjon

Brosjyre

Kontaktinformasjon

Besøksadresse

Demensteamet har to kontorstader:

Stord Sjukeheim
Rehabiliteringssenteret

Telefon

97 55 21 00 tysdagar kl. 8.00-15.00
(dersom du ikkje får svar, vert du oppringt seinare)

Demensteamet

Sjukepleiar Karin S. Myhre
karin.synnove.myhre@stord.kommune.no
Ergoterapeut Anna Lise Sortland
anna.lise.sortland@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen