Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  15.06.2011
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 23.09.2014

Dagtilbod for personar med hukommelsestap

Dagtilbodet er eit tilbod for personar med ulike demenssjukdomar, og er for tida plassert i Sævarhagen, Knutsaåsen omsorgssenter og ved Sunnhordland museum. Det er to til tre tilsette i kvar gruppa ved dagtilbodet. 

Deltakarane kan få hjelp ved måltid, toalettbesøk og medisinutdeling. Det vert servert eit brødmåltid og eit varmt måltid i løpet av den tida dagtilbodet er ope.

Deltakarane blir henta av personal frå dagtilbodet (eller andre tilsette i Heimebaserte tenester), mellom klokka 09.00 og klokka 10.00, og vert kjøyrde heim mellom klokka 14.00 og klokka 15.00.

Tenesta er administrert av Heimebaserte tenester.

Sævarhagen

Tilbodet i Sævarhagen er ope tysdag-fredag. Deltakarar som har glede av å vera med på matlaging vert prioritert. Dette er ein aktivitet der personalet skal arbeida saman med deltakarane i matlaging og tilrettelegging av måltider. Samtaler, allsong og avislesing vil vera ein del av tilbodet. Uteområdet vert nytta til spaserturar.

Knutsaåsen omsorgssenter

I peisestova gjev me tilbod måndag og onsdag til personar med lett til moderat demens, som framleis har glede og nytte av eit dag- og aktivitetstilbod med sosialt samvær og tilrettelagde aktivitetar. Her kan ein vera sjølv om ein treng rullator og ikkje er så god til beins.

Sunnhordland museum

Dette er ei utegruppe/aktivitetsgruppe som har ope tysdag og fredag. Målgruppa for tilbodet er personar med ein demenssjukdom i tidleg fase. Deltakarane må fungera godt fysisk og trivast med å vera med på ulike aktivitetar. Gruppa samarbeider med Sunnhordland museum, og har aktivitetar i og rundt museet i løpet av dagen. I tillegg vil ein leggja opp til turar rundtom i kommunen, både for aktivitetar og opplevelser. I praksis vil dette handla om personar som kanskje ikkje etterspør tilbodet i dag, men der tidlege tiltak kan bidra til at personen kan bu lengre heime, og at familen/pårørande får avlastning. Målet er å vera litt ute kvar dag. Ta med gode klede og fottøy.

Søkja om dagtilbod 

Søknad om plass skal sendast til Kundetorget. Ein kan søkja om ein eller fleire dagar i veka. Ved spørsmål, venleg kontakt avdelingsleiar ved Heimebaserte tenester Randi Huglen på telefon 53 49 67 37 eller på e-post.

Til søknadsskjema. 

 

Målgruppe

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Betalingsinformasjon

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar ved Heimebaserte tenester Randi Huglen

Telefon 53 49 67 37
E-post

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen