Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  05.11.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 07.08.2014

Avlasting

Avlasting kan ytast overfor alle som har særleg tyngjande omsorgsarbeid. Tenesta skal gjere det mogeleg å oppretthalde gode familierelasjoner og ta vare på sosiale nettverk. Avlasting skal gi omsorgsytaren nødvendig og regelmessig frittid og ferie.

Det er fleire ulike måtar å organisere avlasting på og andre tenester kan i tillegg ha avlastande effekt. Omfanget av avlastinga vil variere frå time til døgnbasis; alt etter behov. Avlastingstiltak kan bli gjennomført ulike stader, til dømes i privat heim (avlastingsheim), avlastingsbustad, sjukeheim eller eigen heim.

Kommunen legg vekt på å finne fram til hensiktsmessige og individuelle tiltak i samråd med brukar og omsorgsytar.

Målgruppe

Avlasting er retta mot alle som har særleg tyngande omsorgsarbeid.

Vilkår

For å få avlasting må den som har behov for omsorg,fylle vilkåret i i Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1a. Vilkåret omfattar personar som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er helt avhengig av praktisk bistand eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål. Avlasting er ei teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 pkt. 6d.

Bestemmelsen omfattar til vanleg ikkje barn sine behov, men enkelte funksjonshemma barn kan ha eit så stort omsorgsbehov at dette overstig foreldrene si omsorgsevne. I slike tilfelle vil det foreligge ein hjelpeplikt; til dømes plikt til å tilby avlasting. 

Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for at det skal bli vurdert som særleg tyngjande. I vurderinga legg kommunen vekt på følgjande:

  • om søkjaren arbeider mange timer pr mnd med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg 
  • om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen 
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid 
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie/fritid 
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person 
  • om omsorga klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder

 

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rettleiing

Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama fortløpande.

Saksbehandling

Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistandsbehovet.

Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.

Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.

Klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.

For vedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Betaling

Det er ingen eigenbetaling for avlasting.

Kundetorget
Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Telefon
53 49 66 00

E-postadresse
tingarkontoret@stord.kommune.no

Opningstider
Kvardagar 08.00-15.30

Gå til eininga Kundetorget si side

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen