Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 22.05.2017

Helsestasjon for ungdom

Omtale

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år

Tilbodet gjeld og studentar ved Høgskolen Stord/Haugesund

Pris

Tilbodet er gratis.

Rettleiing

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Opningstid

Kvar onsdag frå kl. 18.00 til 20.00. Helsestasjon for ungdom følgjer skuleruta, og held stengt i sommarferie, haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie.

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien  

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Annan informasjon

Opprettet: 30.11.2015 13:14:04
Oppdatert: 30.11.2015 13:14:04

Kontakt

 

Avdeling: Førebyggande helse

Leiande helsesøster Sigrun Helland

Tlf. 53 49 66 84 eller 957 76 434

Fax: 53 49 69 07

E-post: post@stord.kommune.no

Besøksadresse
Lønningsåsen 9B, Leirvik, 5417 Stord

Postadresse
Postboks 323, 5402 Stord

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen