Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.09.2013
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 26.05.2017

Sjukeheim - korttidsopphald

Omtale

Du kan søkje om korttidsopphald på sjukeheim dersom du til dømes treng opptrening etter sjukdom eller nærmare utgreiing. Ein skil mellom tre typar av korttidsopphald:

  • døgnopphald (minst 24 timar)
  • dagopphald
  • nattopphald

Pris

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Annan informasjon

Opprettet: 01.12.2015 14:33:22
Oppdatert: 01.12.2015 14:33:22

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen