Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 22.09.2017

Tuberkuloseundersøking

Omtale

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose.

En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.
 

Målgruppe

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd

Pris

Tuberkuloseundersøkinga er gratis. Det gjeld òg transportutgifter.

Rettleiing

Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare.

Klage

Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smittevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.

Annan informasjon

Opprettet: 01.12.2015 14:56:50
Oppdatert: 24.05.2017 14:13:17

Leiande helsesøster Sigrun Helland

Tlf. 53 49 66 84 eller 957 76 434

E-post: sigrun.helland@stord.kommune.no

Stord helsestasjon

Telefon 53 49 69 85
Ope måndag-fredag 08.30-15.00

Sagvåg helsestasjon

Telefon 53 49 68 54
Ope måndag-torsdag 08.30-15.00

Nordbygdo helsestasjon

Telefon 53 45 44 10
Ope måndag, onsdag og torsdag 8.30-15.00.
Tysdag og fredag etter avtale

Postadresse

Postboks 323
5402 Stord

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen