Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 22.09.2017

Støttekontakt

Omtale

Støttekontakttenesta i Stord er ei samla teneste under Eining for Kulturtenester. Tenesta har kontor i andre høgda i Kulturhuset.

Tenesta har skifta namn til "Tilrettelagt fritid", og tilbodet til brukarar med vedtak vil bli gitt i form av individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.

"Tilrettelagt fritid" vil så, i samarbeid med brukar/pårørande, finna fram til den organiseringa som vil høva best for den enkelte.

"Tilrettelagt fritid" vil òg ha ansvar for rettleiing og oppfølging av støtte-/fritidskontaktane. Dette kan vera i form av individuell rettleiing, kurs, samarbeid med andre tenester rundt brukarane og liknande.

Målgruppe

Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem

Vilkår

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.

Pris

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.

Rettleiing

Du kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt.

Søknad skal sendast Tildelingskontoret, der behovet blir vurdert og vedtak blir gjort. Sjå søknadsskjem i høgresideboks.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Annan informasjon

Opprettet: 01.12.2015 14:24:25
Oppdatert: 29.05.2017 13:17:56

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen