Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 26.05.2017

Barselgrupper

Omtale

Barselgrupper er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre. Helsestasjonen inviterer til det første møtet på helsestasjonen. Seinare må foreldra ta initiativ til vidare samlingar. Her kan de dele erfaringar frå fødsel, barsel- og spedbarnstid, mellom anna

  • amming
  • barnestell
  • kosthald
  • utviklinga til barnet
  • førebygging av ulukker
  • samliv

Helsesystera kan gje råd og rettleiing dersom de ønskjer det. Borna er sjølvsagt òg med på samlinga.

Målgruppe

Nye foreldre

Pris

Tenesta er gratis.

Rettleiing

Når du har født, blir du kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Annan informasjon

Opprettet: 27.11.2015 14:30:27
Oppdatert: 27.11.2015 14:30:27

Relatert teneste

Kontaktinformasjon

Leiande helsesøster Sigrun Helland

Tlf. 53 49 66 84 eller 957 76 434

E-post: sigrun.helland@stord.kommune.no

Stord helsestasjon

Telefon 53 49 69 85 
Ope måndag-fredag 08.30-15.00

Sagvåg helsestasjon

Telefon 53 49 68 54
Ope måndag-torsdag 08.30-15.00

Nordbygdo helsestasjon

Telefon 53 45 44 10
Ope måndag, onsdag og torsdag 8.30-15.00. 
Tysdag og fredag etter avtale

Postadresse

Postboks 323
5402 Stord

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen