Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2012
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 14.11.2017

Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte

Omtale

Asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester på same måten som alle andre.

Kommunen sitt helsetilbod skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.

Dette vert tilbode:

  • samtale med sjukepleiar/ helsesøster
  • tuberkuloseundersøkjing
  • hjelp til innmelding i fastlegetenesta
  • råd og rettleiing etter behov
  • tilbod om vaksinering

Målgruppe

Spesiell merksemd og oppfølging skal gjevast til asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte frå område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar eller som til dømes

  • har vore utsette for tortur og andre alvorlege traume
  • ikkje har familie/nettverk
  • er mindreårige og kjem aleine til Noreg
  • er gravide
  • er einslege forsørgjarar
  • har vore utsette for valdtekt eller annan seksualisert vald
  • er kjønnslemlesta eller står i fare for å bli det
  • har (teikn på) psykiske problem

Vilkår

For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.

Pris

Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.

Rettleiing

Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Annan informasjon

Opprettet: 30.11.2015 12:59:08
Oppdatert: 28.09.2017 17:05:32

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen