Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 21.10.2017

Innsynsrett i offentlege dokument

Omtale

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslmyndigheit for saka dokumentet gjeld

Vilkår

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.

Pris

Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Da kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

Rettleiing

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.

Saksbehandling

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan éin til tre virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har teke imot kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.

Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Annan informasjon

Opprettet: 30.11.2015 14:03:01
Oppdatert: 28.09.2017 17:39:41

Aktuelle einingar

Kontaktinformasjon

E-postadresse
post@stord.kommune.no

Jonas Sætre
Telefon 53 49 66 51

Gunn Tove Johansen
Telefon 53 49 66 52

Sylvi Meløy
Telefon 53 49 66 47

Elin Ravnskog
Telefon 53 49 66 54

Marit Annie Åkra
Telefon 53 49 66 53

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen