Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.01.2006
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 17.08.2017

Barnehageplass

Omtale

Retten til barnehageplass gjelder for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.

Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i kommunen.

Vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Dokumentasjon

Krav til dokumentasjon for barn med rett på prioritet på grunn av nedsett funksjonsevne: Skriftleg sakkunnig uttale frå til dømes PP-tenesta, helsestasjon/lege.

Krav til dokumentasjon for barn det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester: Skriftleg vedtak frå barneverntenesta.

Dokumentasjon skal sendast til:

Stord kommune
Utviklingsgruppa v/barnehageopptak
Postboks 304
5402 Stord

Pris

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.

Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. 

Samarbeidspartnarar

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet

Rettleiing

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars. Resultatet av hovudopptaket er klart i løpet av mai månad. Ut over dette vert det supplerande opptak i løpet av barnehageåret.

Dersom ein vil krevja retten til plass, må søknaden vera sendt innan fristen for hovudopptaket. Søknad vert å senda på elektronisk skjema.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Annan informasjon

Opprettet: 27.11.2015 14:14:01
Oppdatert: 27.07.2017 15:40:54

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen