Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.09.2013
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 23.09.2017

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Omtale

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Dersom du har installert eit nytt eldstad eller gjort vesentlege endringar må du melde frå til kommunen.

Feieavdelinga i Stord kommune gjennomfører feiing av alle skorsteinar både i Stord og Fitjar kommune anna kvart år.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Vilkår

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Rettleiing

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Klage

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

Annan informasjon

Opprettet: 30.11.2015 09:52:02
Oppdatert: 20.09.2017 12:49:13

Aktuelle einingar

Relevant informasjon

Avdelingsleiar:
Jan Ove Anthun

Telefon
53 49 68 45

Feiarmeister
Jan Tore Bruckner

Telefon / mobil
53 49 68 43 / 975 52 057

E-postadresse
jan.tore.bruckner@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen