Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.09.2013
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 14.11.2017

Miljøfyrtårn - sertifisering

Omtale

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvenleg og samstundes lønsamt. Ein godkjend konsulent hjelper deg med å finne fram til effektive miljø- og klimatiltak. Verksemda di blir godkjend av ein offentleg sertifisør. Sertifikatet kan du tinge frå Stiftinga Miljøfyrtårn og blir utferda av sertifisør og ordførar i kommunen. 

Auka kjeldesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvere er positive resultat som ein oppnår gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlege instansar og private firma stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte.

Samarbeidspartnarar

Sertifiseringsordninga blir forvalta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Hovudorganisasjonen VIRKE, NHO, Landsorganisasjonen (LO), Bedriftsforbundet, kommunar/fylkeskommunar og KS har representantar i styret for stiftinga.

Rettleiing

Verksemda kontaktar ein miljøfyrtårnkonsulent som hjelper til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innanfor ulike bransjar (for eksempel røyrleggjar, hotell, barnehage og skule). Med støtte frå konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten kommunen sin sertifisør. Verksemda blir sertifisert og rapport blir sendt til Stiftinga Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftinga Miljøfyrtårn.

Annan informasjon

Opprettet: 30.11.2015 15:55:44
Oppdatert: 29.09.2017 11:54:21

Aktuelle einingar

Kontaktinformasjon

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her.

Tilsette på SFLMK

Me er seks tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her.

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen