Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Illustrasjonsbilde
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 30.08.2017

Eigedomsskatt

Frå 1. januar 2013 er det full eigedomsskatt i Stord kommune.

Frå 1. januar 2012 vart det innført eigedomsskatt på verk og bruk Stord kommune. Frå 1. januar 2013 vart det også innført eigedomsskatt på næringseigedomar, bustader og fritidseigedomar. Dette vart vidareført frå 1. januar 2014. Samstundes vart eigedomsskatt på verk og bruk vidareført.

Eigedomar til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna kommunen, fylket eller staten, kan søkja fritak etter § 7a og 7b i Eigedomsskattelova. Det må søkjast om nytt fritak for kvart år (jf. §7).

Taksering

Aktuell informasjon om taksering i samband med eigedomsskatt:

Fritak

Du kan søkja om fritak for eigedomsskatt for verneverdige bygg. Kommunestyret vil vurdera heilt eller delvis fritak for eigedomsskatt for bygningar som har historisk verde etter § 7 b) i eigedomsskattelova på grunnlag av søknad.

Vedtekter og retningslinjer

Klage

Eventuell klage vert i første omgang handsama av sakkunnig takstnemnd. Dersom sakkunnig takstnemnd gir klagar medhald, skjer slutthandsaminga her.

Dersom klagen vert teke delvis til følgje, vil klagen med saksvedlegg bli oversendt til sakkunnig ankenemnd, og klaga vil få eit nytt vedtak med frist på tre veker.

I klager som ikkje får medhald vert klagen sendt direkte til handsaming i sakkunnig ankenemnd. Ankenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.

Klage vert å senda til:

Stord kommune, eigedomsskattekontoret
Rådhuset, Borggata 2
Boks 304
5402 Stord

Eller: post@stord.kommune.no 

Til klageskjema

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om eigedomsskatt

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen