Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
helsesyster testar urinprøvar
Av:  Sigrun Helland
Publisert:  22.05.2009
Foto: Camilla Larsson
Oppdatert: 03.02.2017

Smittevern

Stord kommune har eigen smittevernlege som kan kontaktast når det gjeld vurdering av smittsame sjukdommar, vurdering av helsefarlege utslepp, næringsmiddelborne infeksjonar eller miljøhygieniske ulemper.

Helsestasjonane

Helsestasjonane på Leirvik og i Sagvåg har følgjande tilbod når det gjeld smittevern og førebygging av sjukdom:

  • Tuberkulosekontroll. Ring for time, prøven er gratis.
  • Vaksinasjon mot influensa og lungebetennelse. Kvar haust. Tilbodet vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland.
  • Informasjon og rådgjeving om smittsame sjukdomar
  • Reisevaksinasjon
  • Mantoux-prøvar i samband med nytilsetting innan helse- og barneomsorg etter gjeldande reglar.
  • Kontroll av utanlandske statsborgarar som skal opphalda seg meir enn 3 månader i Noreg.
  • BCG vaksinasjon

Informasjon og rådgjeving om smittsamme sjukdomar kan du også få hos fastlegen din, helsesøster eller ved Helsestasjon for ungdom.

Informasjon om seksuelt overførbare sjukdommar

Kontakt fastlegen din. Dei som er i aldersgruppa 13 - 19 år kan kontakta Helsestasjon for ungdom

Vaksinasjonsprogram

Stord kommune følgjer det nasjonalt tilrådde vaksinasjonsprogrammet knytt til barnevaksinasjon, reisevaksinasjon og vaksinasjon av personar som treng ekstra vern mot smitte.

Les meir om vaksinasjon her

Kontaktinformasjon

Smittevernlege
Lars Helge Sørheim

Telefon
53 49 66 30/990 95 893

Fax
53 49 66 01

E-postadresse
lars.helge.sorheim@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen