Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 03.04.2017

Psykisk helsevern

Her følgjer ein oversikt over lokale tilbod til personar i Stord kommune som opplever psykiske vanskar hos seg sjølv eller hos sine næraste

Tildelingskontoret i Stord kommune

Hjelp til søkja helsehjelp og / eller sosiale tenester. Hjelp til å få kontakt med det kommunale hjelpeapparatet. Handsaming av søknadar om psykiatrisk sjukepleiar/heimesjukepleie og sosiale tenester som heimehjelp og støttekontakt.

Kontaktinformasjon for Tildelingskontoret


DPS/BUP

Ved Stord sjukehus ligg Distriktspsykiatrisk senter (DPS) og Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP). Både DPS og BUP har døgnavdeling, dagavdeling og psykiatrisk poliklinikk. I tillegg held dei på å byggja opp ambulante tilbod. Du treng tilvisning frå fastlegen din for å få eit behandlingstilbod her.

Distriktspsykiatrisk senter

Fastlegane 

Om du ikkje veit kven fastlegen din er, kan du ringja 81 05 95 00 og følgja den rettleiinga du får, eller du kan gå inn på www.nav.no. Hos lege må du bestilla time. Legekontora har som regel fast telefontid.

Legetenester i Stord kommune


Psykisk helse og rus - Psykiatrisk sjukepleie

Eining for psykisk helse og rus har m.a. psykiatrisk sjukepleiar. Psykiatrisk sjukepleiar kan gi deg Tildelingskontoret om psykiatrisk sjukepleie. Eining for psykisk helse og rus gir også tenester til eit bufellesskap for personar med psykiske lidingar.

Søknadsskjema for helsetenester


Helsestasjonane i Stord 

Stord helsestasjon ved Stord helsesenter i Myro:  Telefon 53 49 69 85
Sagvåg helsestasjon i "Blåbygget " i Sagvåg: Telefon 53 49 68 54
Nordbygdo helsestasjon v/Nordbygdo ungdomsskule: Telefon 53 45 44 10 

Her kan du i fyrste omgong få ein å snakka med, som evt. kan vera med og visa til vidare hjelp. Ope alle vekedagar.

Helsestasjonane

Skulehelsetenesta i Stord

Om du ynskjer nokon å snakka med, kan du ta kontakt med helsesøster på skulen din. Ho er til stades 1-2 faste dagar i veka.

Ungdom/føresette kan ta kontakt med:
Stord Vidaregåande skule, avdeling Saghaugen: Telefon 53 45 20 40 eller 913 87 659
Stord Vidaregåande skule, avdeling Vabakken: Telefon 53 40 22 54 eller 957 76 434
Stord ungdomskule: Telefon 53 40 33 90 eller 957 76 434
Nysæter ungdomskule: Telefon 53 40 97 50
Nordbygdo ungdomsskule: Telefon 53 45 44 09

Elevar/føresette ved barneskulane kan også ta kontakt med helsesøster. Skulen din vil kunna fortelja deg kva tid og korleis du treff helsesøster.


Helsestasjon for ungdom

Du kan få snakka med helsesøster eller lege om små eller store problem. Du treng ikkje å bestilla time. Tilbodet er gratis for ungdom frå 13 – 20 år. I tillegg får studentar ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) nytta tilbodet.

Adresse: Stord helsestasjon v/Stord helsesenter i Myro
Opningstid: Ope kvar onsdag kl 18 - 20
helsestasjon for ungdom

Hamna kontaktsenter

Eit tilbod om sosialt fellesskap og aktivitetar frå Stord kommune for menneske med psykiske problem. Du treng verken tilvising eller diagnose for å koma.

Opningstid: alle kvardagar, torsdag på ettermiddagstid. Også ope nokre helgar, sjå oppslag.
Adresse: Borggt. 7, 3. etg, inngang på baksida (mot hamna).
Telefon: 53 49 66 77, 53 49 66 78 el. mobil: 97 55 21 15

Meir informasjon om tilbod og aktivitetar som Igong og refleksjonsgruppe, gå inn på heimesida til Hamna kontaktsenter


Mental helse Sunnhordland

Mental helse er ein landsomfattande brukar og interesseorganisasjon innan psykisk helsevern. Organisasjonen arbeider for eit ope samfunn og kjempar mot tabu og mytar som er knytta til det å vera psykisk sjuk. Hjelpetelefonen 810 30 030 er der når du treng ein å snakka med, døgnopen heile året. Mental helse kan setja deg i kontakt med støttegrupper eller behandlingsstad.

 

Bustader i Stord kommune

Stord kommune ved bustadkonsulent disponerer trygde/omsorgsbustader som også kan disponerast av personar med psykiske lidingar. Søknadsskjema kan du skriva ut her, eller du kan ta kontakt på telefon 53 49 66 00. Du kan også få hjelp i form av økonomirådgjeving og med søknad om lån/tilskot til kjøp av eigen bustad.


Kyrkja i Stord

Her kan du få tilbod om samtale med diakon eller prest. Kyrkja har også tilbod til ulike grupper pårørande etter dødsfall, men også og andre typar pårørandetilbod og samtaletilbod. Meir informasjon finn du på www.kyrkja-stord.no 

Kontaktperson: Lisbeth Nygård (diakon) telefon 35 40 34 30 / 911 83 846


Utekontakten

Eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. Ta kontakt om du ynskjer nokon å prata med eller om du treng råd og hjelp i samband med rus og/eller psykisk helse. Tilbodet ligg i Hamnegata 22 og er ope måndag – fredag 08.00 – 15.00 eller etter nærare avtale. Meir info på Utekontakten sine sider 

Smiso-Hordaland

Smiso-Hordaland tilbyr hjelp til personar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande.

Tilbodet ligg i Borggata 5 og held til i underetasjen i Maris sine lokaler, inngong frå baksida av bygget. Opningstid er 15.30 - 19.30 torsdagar i partalsveker. Telefon 55 90 49 90 eller 57 00 63 38. Finn meir informasjon på heimesidene deira.

Relaterte tenester

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen