Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 13.09.2017

Frivilligsentral

Frivilligsentralar finst over heile landet og er ein møtestad som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. Nokre treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

Frivilligsentralen på Stord er organisert under Kulturtenester og er eit kontaktpunkt mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.

Frivilligsentralen sitt mål er å samordna den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjoner i kommunen utfører, og dermed styrka og fremja det frivillige arbeidet.

Frivilligsentralane har vist seg å vera eit godt verkemiddel til å utløysa frivillig innsats i lokalsamfunn og nærmiljø.

Løna er gleda over å hjelpa andre.

Til heimesida til frivilligsentralen:

Frivilligsentralen på Stord

Frivilligsentralen på Stord organiserer mellom anna:

  • TV-aksjonen
  • Sommarleir for utviklingshemma
  • Strøsand til eldre og uføre
  • Måndagsklubb for eldre einslege
  • Natteravnsordninga
  • Hagehjelp til eldre

Ynskjer du å bidra som frivillig?

Behovet for frivillige varierer gjennom året. Kor mykje du ynskjer å bidra med er opp til deg. Ta kontakt dersom du ynskjer meir informasjon. Du kan og gå inn på www.frivillig.no.

Organisert som ei stifting

Frivilligsentralen er ei stifting som er statleg og kommunalt finansert. Styret i frivilligsentralen på Stord har representantar frå Stord Røde Kors, Norsk folkehjelp, NFU, dagleg leiar i Frivilligsentralen, Stord kommune, Stord revmatikarlag og Stord Indremisjon.

Frivilligsentralen er og med i Eldsjelnemnda som innstiller kandidatar til Komité for næring, miljø og kultur som vedtek kven som får Eldsjelprisen.

Kontaktinformasjon

Frivilligsentralen på Stord held til i Hamnegata 20.

Heimeside

http://www.stord.frivilligsentral.no/

Telefon

907 37 062 (mån-fre)

E-post

frivillig@stord.kommune.no

Lenker

Frivilligsentralen på Stord

Besøksadresse

Hamnegata 20 (mån-tors 9–15)

Telefon

907 37 062  (mån–fre)

E-post

frivillig@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen