Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Hagerupshuset
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
Foto: Camilla Larsson
Oppdatert: 19.12.2016

Kultur- og eldresenteret Hagerupshuset

Kultur- og eldresenteret Hagerupshuset ligg i Leirvik sentrum. Gjennom ulike tilbod og aktivitetar er målet å styrkja pensjonistane sitt fysiske og psykiske velvære, motarbeida einsemd og isolasjon, og auka trivsel.

Opningstider

Hagerupshuset er ope måndag til fredag kl. 09.30 - 13.00

Venelaget

Hagerupshuset har sitt eige venelag som står for drifta av tilbodet med støtte frå kommunen. Flittige kvinner i laget syr, strikkar, bakar og held basarar til inntekt for eldresenteret.

  • Kafeen er open for servering av kaffi, sjokolade, rundstykke, lappar, vafler og annan heimebakst så lenge huset er ope
  • Steinsliping 
  • Sal av batteri til høyreapparat
  • Handarbeidsklubb som er open for alle
  • Seniortreff med føredrag i samarbeid med Folkeakademiet.

Leige av Hagerupshuset 

Det er høve til å leiga Hagerupshuset for selskap eller andre arrangement. Kontakt Venelaget for Hagerupshuset via kontaktinformasjon til høgre på denne sida for prisar på utleige.

Tur v/Pensjonistturgruppa

Ynskjer du å gå på tur? Då kan du vera med pensjonistturgruppa. Frammøte er på Hagerupshuset klokka 10, annankvar onsdag i oddetalsveker.

Turane er rekna å ta to til tre timar inklusiv kaffikos. Turane vert omtala i lokalavisa før oppstart vår og haust.

Turprogram våren 2017.

Siste tur med turgruppa våren 2016. Her på Sandvoll i Kvinnherad (foto: Oddbjørn Kvålsvåg)

Bilete: Siste tur med turgruppa våren 2016 gjekk til Sandvoll i Kvinnherad (foto: Oddbjørn Kvålsvåg).

Kontaktperson for turgruppa

Peder Aasheim
Tlf. 53 41 27 09
E-post: aasheim.peder@gmail.com

Kontakt Hagerupshuset

Besøksadresse
Borggata 1, Leirvik

Postadresse
Postboks 718, 5404 Stord

Telefon
53 49 67 74 

Kontaktpersonar 
Inger Utbjoe: 53 41 11 41

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen