Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 03.03.2016

Bedriftsetablering

Stord kommune ynskjer å vidareutvikla eksisterande næringsliv, og å leggja til rette for etablering av ny verksemd. Treng du rettleiing i samband med etablering av verksemd, kan du venda deg til Samarbeidsrådet i Sunnhordland eller Atheno.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, og tilbyr rettleiing for etablerarar i heile Sunnhordlandsregionen. Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid med særleg vekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid. Samarbeidsrådet tilbyr både etablerarrettleiing og etablerarkurs.

www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Atheno

Atheno er ein industriinkubator som driv rådgjeving og tilrettelegging for gründerar, etablerarar, og bedrifter med gode forretningsidear og nyskapingsprosjekt. Inkubatoren gir hjelp i dei ulike fasane den enkelte er i. I tillegg til rådgiving tilbyr inkubatoren gunstige rammer for leige av kontor i eit attraktivt, spanande og sosialt miljø.

Atheno har eit stort nettverk innan industri, offentleg- og privat næringsutvikling samt innan oppstart- og gründerordningar. I tillegg er det interne nettverket i inkubatoren viktig ved at gründerane knyttar kontaktar seg imellom og deler erfaring med kvarandre.

www.atheno.no 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen