Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  09.11.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 04.04.2017

Bålbrenning

Generelle reglar for bålbrenning i Stord kommune

  1. Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føra til brann.
  2. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi.
  3. Små mengder hageavfall kan brennast, men må ikkje innehalda forbruksavfall, plast o.l. Utanom perioden 15.09.-15.04. må ein søkja brannsjefen om løyve.
  4. Bråtebrenning og kaffibål i skog og utmark er berre tillatt i perioden 15.09. til 15.04.
  5. All brenning i mørke er ulovleg.
  6. Det skal søkjast til brannsjefen om å få brenna Sankthansbål. Bruk søknadsskjema til høgre. Skjema kan også hentast hjå Fellestenester i Rådhuset på Leirvik, eller på brannstasjonen på Vabakkjen.
  7. Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføra krav om kostnadsdekning frå kommunen.
  8. Brannsjefen er kommunen sin kontaktperson når det gjeld bålbrenning.

Omsyn til miljø

Utslepp ved open brenning er ofte høge og bør difor unngåast. Bålbrenning vert difor som hovudregel rekna som uakseptabel avfallshandtering. Bålbrenning som fører til forsøpling av eit område, vil ikkje bli tillatt.

Omsyn til helse og trivsel

Røyken frå småbrenning kan føra til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdomar. Kommunelegen kan stogga bålbrenning dersom det er fare for helseskader.

Målgruppe

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Relaterte tenester

Brannsjef
Børge Presthauug

Telefon
53 49 68 46

E-postadresse
borge.presthaug@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen