Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Ekspeditør bak kjøtdisk
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
Foto: Camilla Larsson
Oppdatert: 10.01.2014

Arbeidsgjevaravgift

Betalar du ut løn eller anna vederlag for nokon sin arbeidsinnsats, skal du betala arbeidsgivaravgift så sant vedkomande ikkje er sjølvstendig næringsdrivande. Ver spesielt merksam på slike vederlag som provisjon, overtidsgodtgjersle, ulempetillegg, serveringspengar og «driks» eller liknande ytingar.

Du skal føreta og betala skattetrekk av alle ytingar som du betaler arbeidsgjevaravgift av. Eit viktig tillegg er at du skal betala arbeidsgivaravgift av pensjonsinnskot og feriepengar. Fagforeiningskontingent eller underhaldsbidrag inngår også i arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget og i forskotstrekk (sjølv når det er trekt frå utbetalinga til lønnsmottakaren).

Les meir om arbeidsgjevaravgift:

Altinn.no
Skatt Vest 

Solidarfritak

Når arbeidstakarar vert stilt til rådighet for andre, svarer både utleigar og innleigar for at arbeidsgjevar sine plikter etter skattebetalingslova vert oppfylt. Dette inneber blant anna at begge partar er solidarisk (gjensidig) ansvarleg for å innberetta og betala forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift for arbeidstakarane.

Utleigar og innleigar kan seg imellom avtala kven av dei som skal førestå det praktiske rundt oppfyllinga av arbeidsgjevaransvaret, men ein slik avtale fritek ikkje den andre for ansvar overfor det offentlege. Fritak frå arbeidsgjevaransvaret kan berre innvilgast av skatteoppkrevjaren etter søknad, jf. skattebetalingsloven § 4-1.

Målgruppe

Arbeidsgjevarar med Stord som kontorkommune som stiller sine arbeidstakarar til rådighet for andre.

Kriterier/vilkår

Fritak frå solidaransvaret vert gitt for leigeavtalen- eller kontrakten sin varighet, men maksimalt for eitt år. Ved avtalar som varer ut over eitt år må det søkjast om forlenging innan utløpet av fritaksperioden. Det vert ikkje gitt fritak med tilbakevirkande kraft.

Utleigd personell skal vera registrert i arbeidstakarregisteret på oppdragstakaren sitt organisasjonsnummer.

Pris for tenesta

Ingen kostnad

Søknadsskjema

Aktuelle einingar

Kontaktinformasjon

Spørsmål om arbeidsgjevaravgift kan rettast til:

Marta Nysæter

Sakshandsamar

Telefon

53 40 33 52

E-postadresse

marta.nysaeter@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen