Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  26.08.2009
 
Oppdatert: 17.09.2015

Musikkterapi

Litt informasjon om musikkterapi

"Musikkterapi er bruk av musikk til å gi mennesker nye handlemuligheter." (Even Ruud. 1990.)

Stord kulturskule tilbyr musikkterapi hand i hand med den tradisjonelle instrumentalopplæringa. Tilbodet omfamnar musikkterapeutisk aktivitet individuelt og i grupper. Våre musikkterapeutar arbeider ut mot andre einingar på bestilling, samt i prosjektbaserte tiltak som ein del av ulike fagteam.

Musikkterapi er ein fagleg fundamentert profesjon kor musikk vert nytta som fasilitator og motivator til arbeid med individuelle utfordringar. Musikkterapi ser på det musiske språket som ein fullverdig kommunikasjon. Ved engasjement i musikk i relasjon med andre ligg det eit potensiale for å styrke og utvikle denne kommunikasjonen. Dette kan igjen ha direkte verknad ut i kvardagen, å gje den enkelte fleire strenger å spele på. For meir informasjon om musikkterapi, sjå denne sida.

Om musikkterapi kan være av interesse for deg og dine må du gjerne ta kontakt med vår musikkteapeut eller direkte med kulturskulen.  

Vår musikkterapeuter er Ian Kolstad og Espen Lillebø

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6