Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  10.03.2009
 
Oppdatert: 06.03.2017

Klassisk ballett

Informasjon om klassisk ballett

Klassisk ballett er dansesjangeren du finn i ballettar som "Svanesjøen", "Nøtteknekkeren" og "Tornerose" og er den opphavlege danseforma innan scenedans, og kombinerer teknikk med morosame trinn og kombinasjonar. Ballett har sin bakgrunn i sin sterke teknikk og den klassiske musikken. Her jobbar elevane med å få dansen sitt fysiske grunnlag på plass for å klare dei kroppslege utfordringar dei vil få etter kvart. Innanfor ballet jobbar me utifrå bestemte posisjonar og eit bestemt uttrykk med ei sterk musikalsk forståing.

Barneballett

Barneballett er for barn i alderen 3-6 år og passar både for gutar og jenter. Med fokuset på danseglede, fantasi og kreativitet, inneheld klassane grunnleggjande ballett-teknikk med bruk av bilder, historiefortelling, klapping og morosame musikalske leiker. Barna vil utvikle kroppsbevissthet, konsentrasjon og koordineringsevne, musikalitet, rytmefølelse og ulike bevegelseskvalitetar.

Kvart semester vert alltid avslutta med ei framføring for foreldra.

Ballettklassar frå skulealder

Frå 1. klasse blir det undervist i metoden Cecchetti. På disse klassene vert all basistrening for dansarar lagd inn med kroppsposisjonar, fotarbeid, koordinasjon, fleksibilitet og styrke. I tillegg jobbar me fram grasiøse bevegelsar og en lyrisk framtoning.

Seinare i vidarekomne grupper vert bruk av tåspiss-sko introdusert og teknikken og kroppen vert utfordra til stadig høgare nivå.

Cecchetti

Cecchetti er en allment akseptert og høgt verdsatt metode for klassisk ballett undervist over heile verda. Cecchetti ble først utvikla av Enrico Cecchetti basert på kvaliteten på bevegelsen fått frå undervisning teknisk trening i balanse, koordinasjon og musikalitet. Metoden er koreografert med tanke på kroppen sin anatomi og rett og trygg trening.  Tidligare elever av metoden inkluderer kjente dansarar som Anna Pavlova, Marie Rambert og Darcey Bussel.

Nedre aldersgrense for klassisk ballett er 3 år.

Lærarar i dans er Jorunn Gravem Whittaker og Madel R. S. Carlsen.

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6