Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  04.03.2009
 
Oppdatert: 02.03.2017

Dans

Me presenterer danseteknikkar innanfor klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og hip-hop/streetdance.

DANS

  

Me ynskjer å presentere eit så breitt tilbod som mogeleg med stort utviklingspotensial i grupper og individuelt. Om eleven er nybyrjar eller vidarekomen vil me alltid prøve å gje alternative val som gjer at eleven skal ha glede og passande utfordringar som tilsvarar forventningane.

 

Med danseglede i fokus og med vilje til fysisk arbeid jobbar me med å lære å kjenne vårt eige potensial og våre eigne kroppar. Det sceniske uttrykket får utfordringar i form av reine dansepresentasjonar og store oppsetjingar i  samarbeid med kulturskulen sine elevar og lærarar.

I breiddeprogrammet har kulturskulen desse tilboda:

  • Dans 3 - 4 år, variert undervisning med musikk frå ulike sjangrar
  • Dans 4 - 5 år, variert undervisning med musikk frå ulike sjangrar

 I kjerneprogrammet har kulturskulen desse tilboda:

  • Hip – hop, ulike aldersgrupper, frå 8 år
  • Jazzdans, ulike aldersgrupper, frå 7 år
  • Moderne dans, frå 12 år
  • Klassisk ballett, ulike aldersgrupper, frå 3 år
  • Klassisk tåspiss, (for  elevar som har dansa klassisk ballett)

I fordjupingsprogrammet (for elevar som allereie er elevar, tilbodet krev anbefaling frå lærar og/eller opptaksprøve) har kulturskulen desse tilboda:

  • Stord danseensemble
  • Klassisk ballett og klassisk tåspiss

All danseundervisning er lagt til Osen 6.

Lærarar i dans er Jorunn Gravem Whittaker og Madel R. S. Carlsen

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6