Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  21.03.2017 14:43
 
Oppdatert: 21.03.2017 15:17

Tid for å søkje plass i kulturskulen

Det er no tid for å søkje om elevplass for neste skuleår i Stord kulturskule. Kulturskulen har eit breitt, variert og godt tilbod.

Me tilbyr undervisning i ei rekke instrument og song, musikkleik, visuelle kunstfag (teikning, maling m. m), dans, drama/teater og parkour. I tillegg har me kor, orkester og band. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mai.

Etter innføring av ny "Rammeplan for kulturskulen" er undervisninga organisert i tre program/område med ulik profil og målsetting. Programma skal ta vare på behovet for tilpassa opplæring og er graderte i høve til undervisningsmengde og krav til eigeninnsats. Det ligg eit stort fagleg-pedagogisk potensial i ei vidare utvikling av samvirket mellom individuell oppfølging og gruppeundervisning. Gjennom opplæringa skal alle elevar få mogelegheit til å uttrykkje seg overfor eit breitt publikum. Konsertar, framsyningar og utstillingar skal gå inn i opplæringa for alle elevar som ein integrert del av undervisninga. Alle elevar skal få tilbakemeldingar på eiga utvikling og eigne resultat gjennom t.d utviklingssamtalar.

 

Breiddeprogram; undervisninga er organisert som storgruppeundervisning. Undervisninga legg vekt på å utvikle elevane sine kreative evner, fagleg kompetanse og samarbeidsevne som grunnlag for personleg utfalding.

Kulturskulen har desse tilboda:

 Musikkleik 0 - 1 år (tysdagar kl. 11.30 – 12.30)

 Musikkleik 1 – 2 år (tysdagar kl. 12.45 – 13.45)

 Teater 7 – 9 år (måndagar kl. 17.00 – 17.45)

 Dans 3 – 4 år (måndagar kl. 16.30 – 17.15)

 Dans 4 – 5 år ( måndagar kl. 17.15 – 18.00)

 Parkour 8 – 9 år

Laurdagstreff; parkour, frå 11 år og oppover, 8 - 11 år kan kome i fylgje med foreldre/vaksne (fyrste laurdag i månaden kl. 12.00 – 14.00, kr 50 pr. pers, pr. gong.) Ikkje påmelding.

 

Kjerneprogram; den «tradisjonelle kulturskuleundervisninga». Undervisninga er organisert som individuell/smågruppeundervisning eller i storgrupper. Undervisninga legg vekt på å utvikle eleven sine kreative evner, handverksmessig og kunstnarisk kompetanse og samarbeidsevne. Undervisninga er basert på langsiktig arbeid, progresjon og systematisk trening/øving.

Kulturskulen har desse tilboda:

Musikkundervisning:

 Fiolin, bratsj, cello, kontrabass

 Tverrfløyte, klarinett, saksofon

 Kornett, trompet, trombone, horn, eufonium, baryton, tuba

 Gitar, el-gitar, el-bass

 Slagverk

 Piano, kyrkjeorgel

 Band

 Song

Aspane – Stord kulturskulekor, frå 5. trinn (onsdagar kl. 17.00 – 18.30, eigen pris: kr 200 pr. semester)

Ungdomskoret – Stord kulturskule, frå 9. trinn (onsdagar kl. 18.30 – 20.30, eigen pris: kr 750 pr. semester)

Danseundervisning:

 Hip – hop, ulike aldersgrupper, frå 8 år

 Jazzdans, ulike aldersgrupper, frå 7 år

 Moderne dans, frå 12 år

 Klassisk ballett, ulike aldersgrupper, frå 3 år

 Klassisk tåspiss, (for elevar som har dansa klassisk ballett)

 Drama/teaterundervisning:

 Aldersinndelte grupper, frå 9 år og oppover

Parkourundervisning:

 Aldersinndelte grupper, frå 9 år og oppover

Visuelle kunstfag:

 Aldersinndelte grupper, frå 6. trinn og oppover

Skulekorps: Kulturskulen samarbeider med alle skulekorpsa i kommunen, men ein melder seg på direkte til skulekorpset, ta kontakt med korpset på din skule for meir informasjon. Langeland skulekorps, Rommetveit skulekorps, Stord skulekorps (Leirvik og Hystad) og Sagvåg skulekorps (Sagvåg, Tjødnalio, Litlabø) 

 

Fordjupingsprogram; er for elevar som allereie har plass i kulturskulen og som har særleg interesse for faget. Kulturskulen stiller krav om høg og målretta eigeninnsats. Alle tilboda krev anbefaling frå lærar eller opptaksprøve.

Kulturskulen har desse tilboda:

Musikkundervisning:

 Utvida tid på instrumentet/song + teori/interpretasjon/samspelundervisning

Danseundervisning:

 Stord danseensemble

 Klassisk ballett og klassisk tåspiss

Parkourundervisning:

 Parkour for vidarekomne

 

Kulturskulen minner om at alle som allereie er elev i kulturskulen ikkje treng å søkje på nytt.

Kulturskulen har sett opp ei liste med anbefalt alder til dei ulikeinstrumenta, me håper dei kan vere til god hjelp i søknadsprosessen, sjå nedanfor.

Instrumentalundervisning/song

 

Band

5. trinn

Fiolin

Fylte 5 år

Bratsj

Etter anbefaling frå lærar

Cello

Fylte 5 år

Kontrabass

3. trinn

El-bass

5. trinn

El-gitar

5. trinn

Gitar

5. trinn

Klarinett

3. trinn

Saksofon

3. trinn

Fløyte

1. trinn

Piano

1. trinn

Baryton

3. trinn

Kornett

3. trinn

Horn

3. trinn

Trombone

5. trinn

Euphonium

5. trinn

 Tuba

5. trinn

Logg inn speedadmin

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6