Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  24.11.2011
 
Oppdatert: 23.02.2017

Parkour

Parkour er ein rørsleidrett kor ein skal kunne kome seg frå A til B på den mest effektive måten.

Parkour er ein rørsleidrett kor ein skal kunne kome seg frå A til B på den mest effektive måten. Ein traceur (ein utøvar av parkour) som møter på eit gjerde, vil ikkje leite etter ein port, men leite etter den mest mogeleg effektive måten å kome over hinderet framfor han på. Parkour er heller ikkje ein konkurranse og skal difor ikkje definerast som ein sport der konkurranse er essensielt. Det handlar om å konkurrere med seg sjølv og ingen andre. Den grensa ein har, skal ein bryte for å kunne bli endå betre i det ein driv med.

Fordi parkour er oppteken med utviklinga av den enkelte både fysisk og mentalt, kan det bli praktisert av alle. Den grunnleggande opplæringa og metoden kan tilpassast alle aldrar og evner slik at alle kan finne eit høvande nivå av utfordring.

Dei som er over 18 er velkomne til å delta i utandørs klasse (kan kontakte Gareth gjennom Facebook/stordparkour, også om dei ynskjer å organisere noko sjølv). Om du er under 18 år, ta kontakt med Stord kulturskule.

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6