Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  03.10.2014
 
Oppdatert: 25.02.2016

Øving i musikkbinge

Stord kulturhus/Stord kulturskule har ein musikkbinge til utleige. Musikkbingen er plassert mellom kulturhuset og parkeringshuset til Amfi-senteret.

Ynskjer du å leige musikkbingen kan du ta kontakt med resepsjonen/kiosken i Stord kulturhus, tlf: 53 49 69 50.

Opningstider:

Musikkbingen kan berre leigast i kulturhuset sine opningstider:

Måndag til torsdag 08.30 – 22.00

Fredag 8.30 – 23.00

Laurdag 09.30 - 22.00

Sundag 15.30 – 23.00

Merk at dette er dei faste opningstidene for huset. Det kan vera endringar i høve høgtid eller ferietid.

Pris:

Vaksne: kr 400,- for 3 timar

Born/student: kr 200,- for 3 timar

Ynskjer ein å leige bingen for meir enn 3 timar, kostar det kr 100,- for kvar ekstra time.

Det er same leigepris om man er ein eller fleire personar.

Betaling skjer kontant ved henting av nøkkel i resepsjonen/kiosken i Stord kulturhus.

Det er mogeleg å få fast leigeavtale, prisen er den same. For å avtale faste tider, ta kontakt med resepsjonen/kiosken i Stord kulturhus, tlf: 53 49 69 50.

Rettningsliner:

Det er ikkje lov å bruke sko inne i bingen.  

Når ein går frå musikkbingen skal :

  • Alt utstyr skal setjast på plass.
  • Anlegg og forsterkarar skal slåast av.
  • Ventilasjonsvifte skal slåast på.
  • Termostat skal stå på 21 grader.
  • Rommet skal ryddast. Ta med søppel.
  • Alt lys skal slukkast, mellomdør skal lukkast.
  • Lås ytterdøra.
  • Nøkkel skal leverast tilbake i Stord kulturhus. Nøkkel skal leverast tilbake innan tildelt øvingstid.

Røyking, alkohol og andre rusmidlar er IKKJE tillete i musikkbingen.

Det er berre øvingsgruppa som har tilgang til bingen. Det er IKKJE tillete å ta med andre besøkande.

Dersom utstyr blir/vert øydelagd/defekt, skal eit avviksskjema fyllast ut. Dette fins i bingen og skal leverast når nøkkelen vert innlevert.

Tap av nøkkel vert erstatta med kr 500.

Eventuell misbruk av bingen skal meldast til ansvarlege for bingen så snart som råd.

Bruken av bingen er primært tenkt for fritidsmusikklivet i Stord kommune. Den er open for brukarar i alle aldrar.

Musikkbingen er tilrettelagd med universell utforming.

Dei er godt utstyrte med PA-anlegg, 2 gitarforsterkarar, 1 bassforsterkar, digitalpiano og slagverk. Dei som leiger må sjølv ta med instrument (gjeld ikkje piano og slagverk) og kablar til gitarar, mikrofonar m/mikrofonkablar og trommestikker.

 

Dette er utstyret som er plassert i bingen:

  • Gitarforsterkarar: Engl E330 SCREAMER 50 COMBO (2stk)
  • Bassforsterkar: Ashdown Mag-300H med kabinett 4x10
  • Keyboard: Korg KROME-88 Workstation
  • Høgtalarar: Mackie SRM450 V2 (2 stk)
  • Mixar: Soundcraft EFX8
  • Trommesett: Pearl VB826NX/C98 Limitied edition med Sabian XS-20 Perf. sett m/18 crash  og trommestol
  • DI: Radial Pro DI
  • Kabel: Klotz M2FM1-1000
  • Stativ: Tornado AFSB 104
  • Keyboardstativ: KS1 Double X 
  • To mikrofonstativ
  • To notestativ
.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6