Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommunalteknikk
Publisert:  24.05.2012
 
Oppdatert: 02.05.2016

Leidningsnett avløp

Som avløpsabonnent hos Stord kommune er du sikra at avløpsvatnet vert leia bort på ein hygienisk trygg måte, og at kommunen driv avløpsanlegga i tråd med gjeldande utsleppsløyve.

Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav. Sjå eige sanitærreglement

Bruk ikkje avløpsnettet som søppelbøtte

Vi ber alle om å ikkje bruka avløpet til å kvitta seg med måling, kjemikaliar eller olje. I spillvassrøyret skal det berre gå vatn frå sluk, vask og sanitærinstallasjonar inne i huset. Regnvatn går i eige overvassrøyr og blir sleppt ut i nærliggjande bekk, elv eller sjø. I enkelte område med gammal bebyggelse går spillvatn og overvatn i eit felles avløpssystem.

  • Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynner, maling/beis, hobbykjemikaliar som fotovæske, fargestoff og kontaktlim skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet. Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen i ditt nærområde.

  • Søppel som Q-tips, bind, bleier, bomull, klutar, pussegarn m.m. skal ikkje kastast i toalettet, men i søppeldunken.

  • Tørkepapir må ikkje i toalettet, då det ikkje løyser seg opp og skapar problem på pumpestasjonane. Kast tørkepapir i søppeldunken.

Varsling

Kontaktinformasjon

Spørsmål om avløp kan rettast til:

Øyvind Lothe
oivind.lothe@stord.kommune.no
tlf: 53 49 67 56
mobil: 975 52 070

Erik Kallestadbakken
erik.kallestadbakken@stord.kommune.no
tlf: 53 49 67 55
mobil: 975 52 085

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen