Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  24.04.2012
 
Oppdatert: 07.02.2017

Trafikksikring

Det er veg- og trafikkavdelinga i Stord kommune som driftar og vedlikeheld kommunale vegar. Det vert lagt særkilt vekt på tryggleik for vegfarande.

Trafikksikringsplan

Stord kommune har eigen trafikksikringsplan som byggjer på Statens vegvesen sin rettleiar for kommunale trafikksikringsplanar. Trafikksikringsplanen skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera av tiltak innan trafikksikring.

Trafikksikringsplan for Stord kommune

Krav til fri sikt langs kommunal veg


Planting mot kommunal veg

Store buskar og tre skal plasserast minst 2 m innanfor grensa mot den kommunale vegen. Hekkar og mindre buskar skal plasserast minst 1 m innanfor grensa. Alle planter skal veksa innanfor eigen eigedom.

Dersom du har tre som strekkjer seg utover eigedomsgrensa, er det følgjande krav til fri høgde:

  • over gang/sykkelveg: 3 meter
  • over køyrebane: 4,2 meter

Vegetasjonsreinsk

Kommunen utfører reinsking av vegetasjon langs kommunal veg. Dette skjer maskinelt og med grovt utstyr. På stader der privat eigedom/hagar grensar mot kommunal veg er det difor viktig at du som grunneigar tek ansvar.

Avkøyrsle mot kommunal veg - frisiktsoner

Frisiktsona skal vera fri for sikthinder høgare enn 0,5 m over hovudvegen sitt nivå.

Tenk siktsoner og trafikktryggleik når du planlegg planting. Har du avkøyrsle frå kommunal veg skal du syte for tilstrekkeleg frisikt mot vegen.

Krav til frisiktsoner gjeld ved fartsgrensene (Sjå illustrasjon til høgre):

  • 30km/t – 2m/30m
  • 50km/t – 4m/50m

 

Illustrasjon som syner frisikt frå avkjørsel mot kommunal veg.

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen