Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  07.05.2013
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 24.03.2014

Privat avkjørsel frå offentleg veg

Omtale

Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen om godkjenning. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar

Vilkår

Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Samarbeidspartnarar

Statens vegvesen

Rettleiing

Kommunen kan gje deg informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.

Vedlegg

Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn.

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.

Annan informasjon

Opprettet: 27.11.2015 13:54:04
Oppdatert: 24.05.2017 16:17:26

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen