Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Car park at Leirvik.
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  24.05.2012
Foto: Nina Sørli
Oppdatert: 24.02.2017

Parkering

Det er tidsbegrensa avgiftsfri parkering ved parkeringsplassane i Leirvik sentrum.

Unntaket er parkeringsplassane i Bytunet og underetasjen på Bachertunet.

Tidsbegrensing på to og tolv timar

Tidsbegrensinga er på to timar, og 12 timar for parkeringsplassane på Vabakkjen og i Sæ. Tidsbegrensinga gjeld også for El- bilar og personar med HC- kort.

Du må nytta parkeringsskive. Desse får du kjøpt i Kundetorget i rådhuset til kr 20,-.

Tidsrom for avgiftsparkering

Måndag til fredag: kl. 07.00 - kl. 18.00

Laurdag:

kl. 07.00 - kl. 16.00

Oversikt over parkeringsplassar i sentrum

Ladeplass for EL-bilar

Betalingssatsar knytt til parkering

Gebyr og kontrollsanksjon

  • Dersom du feilparkerer i strid med stanse- og parkeringsforbod etter skiltforskrifta eller trafikkreglane kan du få parkeringsgebyr på kroner 900.-
  • Dersom du bryt vilkår som krav til dokumentasjon på stader med gratis parkering (for eksempel gløymer å trekka billett) kan du få kontrollsanksjon på kroner 300.-
  • Dersom du bryt andre vilkår, som manglande betaling, parkerer lenger enn tillatt makstid, parkerer på reservert plass eller utanfor oppmerking kan du få ein kontrollsanksjon på kroner 600.-
  • Parkerer du på reservert plass for forflytningshemma kan du få kontrollsanksjon på kroner 900.- I tillegg risikerer du at bilen din raskt blir inntaua.

Gebyret vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på gebyret.

Parkeringsgebyr og klage

Stord kommune sin trafikkbetjent patruljerer både i sentrum og i resten av kommunen. Ved parkering i strid med vegtrafikklova, trafikkreglane, parkeringsforskrifta eller skiltforskrifta, er det deira oppgåve å ileggja parkeringsgebyr eller kontrollsankson.

Du har høve til å klaga på ilagt gebyr eller tilleggsavgift. Klage skal framsetjast skriftleg, på eige klageskjema eller i vanleg brev. Klage på parkeringsgebyr eller tilleggsavgift

El-bilar står gratis, også på plassar merkt med avgiftsparkering.

Ved feil på parkeringsautomat

Meld frå til kundetorget ved feil på parkeringsautomat:

Telefon: 53 49 66 00
e-post: kundetorget@stord.kommune.no

Hovudmål for parkeringsordninga i Leirvik sentrum

Stord kommunestyre har vedteke å leggja til grunn følgjande hovudmål for parkeringspolitikken i Leirvik sentrum:

  • Parkeringspolitikken skal ha som mål å gjera sentrum lett tilgjengeleg for handlande, reisande, besøkande og andre som har ærend i sentrum.
  • Det skal takast omsyn til funksjonshemma sine særskilde behov for parkering.
  • Parkeringspolitikken skal vurderast i høve til grøntareal, energipolitiske og etiske omsyn.
  • Skilting skal vera slik at det er minst mogeleg parkeringsrestriksjonar på kveldstid og i helgar.
  • Det skal vera tilstrekkeleg med korttids parkeringsplasser i sentrumskjernen og langtids parkeringsplasser i ytre deler av sentrumsområdet.

Stord kommune har, i tillegg til politiet, myndighet til å handheva all stans og parkering av motorvogn på veg som er open for alminneleg ferdsel i Stord kommune. Stord kommune har òg løyve til å innføra avgiftsparkering, dvs. parkering mot betaling.

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen