Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Brøytebil
Av:  Nina Sørli
Publisert:  21.11.2012
Foto: David Jacobsen
Oppdatert: 02.10.2013

Brøyting og snørydding

Vinterdrifta av dei kommunale vegane omfattar brøyting, strøing og rydding/bortkøyring av snø. Vegavdelinga i kommunen har følgjande prioriteringar og rutinar ved brøyting og strøing:

  1. Kollektivtraséar
  2. Skulevegar
  3. Andre kommunale vegar og plassar


Ryddeplikt

I følgje politivedtektene for Stord kommune § 16 , Snøfall og takras pliktar eigar av hus eller grunn mot offentleg stad å rydda fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Innanfor Leirvik sentrum gjeld ryddingsplikta også etter snøfall. I følgje § 17 , Strøplikt har eigar av hus eller grunn mot offentleg stad plikt til å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

Stord kommune har som målsetjing at fortau og gang / og sykkelvegar skal strøast så godt at fotgjengarar ikkje går i køyrebana. Strøing vert elles i hovudsak utført som punktstrøing dvs. det vert strødd i bakkar, svingar og inn mot vegkryss. Kommunen har plassert ut strøkassar på dei mest problematiske stadane. Under vanskelege køyretilhøve vert heile strekningar strødd samanhengande. Strøinga skal vera så god at vanleg vinterutrusta køyretøy kjem fram.

Kriterium/vilkår

Brøyting av kommunale vegar startar når det er naudsynt. Det at snø kjem inn på privat eigedom som følgje av brøyting/fresing av kommunal veg/vegareal er innanfor tålegrensa i grannelova (lov 1961 – 06 -16 nr. 15 om rettshøve mellom grannar ) med mindre det går føre seg på ein uforsvarleg og lite omsynsfull måte. Det forhold at snø som kjem inn i hagar og innkjørsle kan innehalda strøsand eller salt er noko oppsitjarar må pårekna. Grunneigarar må sjølv rydda eigen avkjørsle.

Samarbeidspartnarar

I tillegg til eigne mannskap vert det leigt inn 7 private (maskin + mann). Stord kommune har i dag 11 brøyteroder. Brøytinga av dei fleste rodene tek ca. 8-12 timar avhengig av mengde og konsistens.

Spørsmål om vintervedlikehald

Spørsmål om vintervedlikehald av kommunale vegar kan rettast til:

Kundetorget

E-post: kundetorget@stord.kommune.no
Tlf: 53 49 66 00

Vaktelefon

Vakttelefon 975 52 084. Det er vintervakt i perioden frå 1.november – 1. april

E-post

hos@stord.kommune.no 

Ansvarsdeling for ulike vegtypar i Stord kommune

VegtypeVegmyndeVedlikehaldsansvarleg
Europaveg Statens vegvesen Risa AS
Vakttelefon 175
Riksveg Statens vegvesen Risa AS
Vakttelefon 175
Fylkesveg Hordaland Fylkeskommune Risa AS
Vakttelefon 175 
Kommunal veg Stord kommune

Stord vatn og avlaup KF
v/Veg, trafikk og parkering

Meldingar som gjeld brøyting skal rettast til
kundetorget på tlf. 53 49 66 00 (Ope 8.00-15.30)

Privat veg Grunneigar/vegeigar Grunneigar/vegeigar
.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen