Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommunalteknikk
Publisert:  24.05.2012
 
Oppdatert: 02.05.2016

Private stikkleidningar

Stikkleidning er definert som "vass- og avløpsleidningar (røyr) inkl. overvatn (dreneringsvatn, takvatn, overflatevatn) frå kommunal hovedleidning fram til bygget".

Stikkleidningen vert fullt og heilt eigd og vedlikehalden av eigedomseigar. Dette vil seia at eigedomseigar er ansvarlig for utbetring av defekter og eventuelle vasslekkasjar. Det private ansvaret strekker seg til og med tilkoblingspunktet til kommunal leidning.

Retningsliner for stikkleidning

  • Stikkleidningen skal vera utført og vedlikehalden iht. føresegnene i normalreglementet for sanitæranlegg.
  • Stikkleidningar må ikkje overbyggast ved bygging av garasje e.l.
  • Det er viktig at kumlokk og utvendig stoppekran er tilgjengeleg for vedlikehald.
  • Ligg delar av stikkleidningen over naboeigedom, skal det iht. normalreglement for sanitæranlegg vera tinglyste erklæringar for dette. Vidare skal det vera tinglysing i tilfelle kor stikkleidningen er felles med andre eigedomar.

Drifts- og vedlikahaldseininga driv kontinuerlig lekkasjesøk på Stord kommune sitt vassleidningsnett. I nokre tilfelle viser det seg at lekkasjane er på private stikkleidningar. Stord kommune ved Drift-og vedlikehaldseininga kan hjelpa private med lekkasjesøking.

Om lekkasje på privat stikkleidning

I nokre tilfelle kan det vera vanskeleg for eigedomseigar å vita om det er lekkasje på deira vassleidning. Ein kan likevel ofte høyra ein liten suselyd frå vassleidningane i huset sjølv om det ikkje foregår tapping. Skulle ein oppdaga slik suselyd, bør ein undersøkja nærare kva årsaka kan vera. Ein bør då kontakta røyrleggjar.

Lekkasjar på stikkleidning kan føra til skader på bygningar og andre installasjonar. Lekkasje fører også til stort vassforbruk, sløsing med vatn og dermed til unødige kostnader for den enkelte abonnent.

Varsel med pålegg om utbetring

Varsel om at det er oppdaga lekkasje på vassleidningen blir gitt som eit pålegg om utbetring med tidsfrist. Er ikkje lekkasjen utbetra innan fristen, kan Stord kommune gjera utbetringa på privat leidningseigar si rekning.

Det vil vera hensiktsmessig å ta kontakt med eige forsikringsselskap ved slik skade.

Søknader

Ekstern informasjon

Kontakt

Spørsmål om vatn kan rettast til:

Dag Martin Hagen
E-post: dag.martin.hagen@stord.kommune.no
Telefon: 97 55 20 61

Lothe, Øivind
Avd.leiar drift VA
E-post: olothe@stord.kommune.no
Telefon: 53 49 67 56 /97 55 20 70

Erik Kallestadbakken
erik.kallestadbakken@stord.kommune.no
Tlf: 97 55 20 85

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen