Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Gunhild Enes
Publisert:  10.08.2017 11:00
 
Oppdatert: 10.10.2017 09:49

Får du varsling?

Får du melding når Stord kommunalteknikk sender ut varsling om arbeid på vass- og avlaupsnettet?

Stord kommunalteknikk varslar per telefon dersom det er planlagt arbeid på vass- og avlaupsnettet. Melding vert sendt på SMS til mobiltelefon og som talemelding på fasttelefon. For å nå ut til alle kundar, er det viktig at kvar kunde er registrert med riktig telefonnummer.

Privatkunde

Viss me ikkje har fått varsla deg, skuldas det at varslingssystemet vårt ikkje har funne deg. Registeret er i utgangspunktet basert på informasjon frå Folkeregisteret, tele- og mobiloperatørar og Matrikkelen.

Kva kan du gjera?

  • Sjekk oppføringa di i 1881.
  • Husk å melda frå til Folkeregisteret når du flyttar. Varslingssystemet vårt hentar opplysningar frå Folkeregisteret.
  • Registrer deg i tilleggsregisteret www.servicevarsling.no dersom du har telefonen registrert på arbeidsgivar eller har reservert deg mot nummeropplysing (hemmelig telefonnummer).

Sårbare abonnentar/bedriftar

Ein sårbar abonnent er når ein er særskild sårbar for brot i vassforsyninga.

Døme på sårbare abonnentar:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Legar og tannlegar
  • Frisørar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Resturantar og kafear
  • Hotel
  • Private verksemder som til dels Kværner Stord, Apply Leirvik og Høgskulen.

Er du oppført med rett adresse og telefonnummer i ulike bedriftsregister og i Brønnøysundregisteret?

Vårt system hentar informasjon frå mange typar register, men er avhengig av at denne informasjonen er oppdatert. Registeret er i utgangspunktet basert på informasjon frå Brønnøysundregisteret (Enhetsregisteret), Postens adresseregister, tele- og mobiloperatørar og Matrikkelen.

Varsling av sårbare abonnentar

Stord kommunalteknikk har eit tilleggsregister berekna for varsling av sårbare abonnentar. Registeret er tiltenkt nøkkelpersoner i verksemder. Dette kan vera styrer, driftsansvarlege eller andre som vil ha varsling om brot i vassforsyninga.

Løysing:

Registrer verksemda di i tilleggsregisteret som du finn på nettsida www.servicevarsling.no. Hugs å leggja inn organisasjonsnummer.

Varsling

Kontakt oss

Stord kommunalteknikk (SKT)

SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Postboks 304
5402 Stord

 

Meir kontaktinformasjon

.

Stord kommunalteknikk
Postboks 304
5402 Stord

Besøk oss her:
SKE-bygget
Rundehaugen 45 (kart)
Heiane industriområde
5412 Stord

Foto/Grafikk
BO design & foto

Nettredaktør
Ina E. Kallestad

Ansvarleg redaktør
Roy-Sverre Amundsen