Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Kursinstruktør og kursdeltakar øvar på brannsløkking.
Av:  Stord kommune
Publisert:  09.09.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 20.12.2016

Kurs og opplæring

Investering i tryggleik er utan tvil den beste investeringa me kan gjera. Spørsmålet er ikkje kva det kostar, men kva me kan spara.

Kvart år døyr mellom 60 og 80 menneske i brann i Noreg. Brannar kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år. Talet for 2008 var 4,7 milliardar. For å bidra til å redusera desse tala, vil ei av Stord brannvern sine viktigaste førebyggande oppgåver vera informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane i vår kommune.

Stord brannvern  har personell med høgt kunnskapsnivå når det gjeld brannvern. 

Målgruppe

Grendalag, velforeiningar, private verksemder og kommunale einingar, skular og barnehagar.

Tema knytt til brannvern blir spesialtilpassa etter kunden sitt eige ynskje.

Stord brannvesen arrangerer også brannverneleiarkurs for brannvernleiarar.  

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Grendelag og velforeiningar

Me kan tilby "gratis" brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Stord Brannvern  stiller gratis, men me må be om å få dekka utgifter til materiell. For pris/kostnad ta kontakt.

Me ynskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Me vil visa kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre ein har litt trening og kan bruka det ein måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om dei ynskjer, få prøva ulike metodar for å sløkka brann, m.a. med pulver, skum, vatn og ullteppe.

Opplæringa tar inntil 2 timar og det kan,om ynskjeleg, bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 20.00. Dette kan og vera eit fint høve for naboar og venar til å koma saman til sosialt samvær og i tillegg betra branntryggleiken i lokalmiljøet.

Private verksemder og kommunale einingar

Stord Brannvern  kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder. Opplæringa blir tilpassa den enkelte verksemd ut i frå dei behov og ynskjer som verksemda har. Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd eller på Stord brannstasjon. Me er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse.

Nokre døme på kurs

  • sløkkjeøvingar (bruk av forskjellige sløkkjemiddel)
  • brannteori  ( kvifor brenner det og kva skjer når det brenner)
  • grunnopplæring  ( generelt brannvern(brannteori og sløkkjeøvingar)
  • evakueringsøvingar ( med eller utan kunstig røyk)
  • varme arbeid + re -sertifikering


Ta kontakt for ein uforpliktande prat om moglege løysingar og eventuelt prisoverslag.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar

Jan Ove Anthun

Telefon
975 52 053

Epostadresse
jan.ove.anthun@stord.kommune.no

Åge Aadland

Telefon
975 52 052

Epostadresse
age.aadland@stord.kommune.no

.

Stord brann og redning
Vabakkjen 2, 5417 Stord
Postboks 314, 5402 Stord

Finn oss på kartet

Telefon: 110
Vaktttelefon: 975 52 059
brann.og.feiing@stord.kommune.no

Opningstid: Månd. - fredag 7-15

Nettredaktør: Jan Ove Anthun