Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  19.09.2011
Oppdatert: 18.04.2017
 

Søknad om å bli støttekontakt

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.

Støttekontaktane skal medverka til å byggja nettverk og førebyggja isolasjon og einsemd. Dei skal fungera som brubyggjarar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.

Støttekontakt passar for personar av begge kjønn som ynskjer å dela tida si med andre, og som ynskjer å utføra eit meiningsfullt og godtgjort engasjement for personar som treng bistand til fritidsaktivitetar. Eit slik engasjement kan ikkje erstatta annan type arbeid, men vil vera eit oppdrag med gjennomsnittleg 3 timar i veka pr. brukar.

Søkjarar bør ha fylt 18 år. 

 

Søknadsskjema

 

Alle felta merka med * MÅ fyllast ut. Dersom skjema er rett utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside etter at du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Feil på skjema melder du her.

Når du fører opp personar som referansar, er det viktig at du har avtalt dette med vedkomande. Hugs også å gje opp telefonnummer til vedkomande og ikkje berre namn.

NB! Det er viktig at e-postadressa er oppdatert og at e-post blir jamnleg lest, då alle svar vil bli sendt til denne adressa.

Namn:*
Adresse:*
Postnummer:*
Poststad:*
Fødselsdato:*
Kjønn:*


Telefon:*
E-postadresse:*
Utdanning (gjeld tidlegare, noverande og ev. planlagd utdanning):*
Praksis:*
Kva gjer deg til ein eigna støttekontakt:*
Referansar:* Me krev minst 2 referansar frå anten arbeidsgjevarar, organisasjonsarbeid eller skule. NB! Ikkje frå familie, vener, naboar e.l.
Fritidsinteresser:* Kva type aktivitetar likar du sjølv å halde på med? Kva type fritidsaktivitetar har du kompetanse innanfor? Set fleire kryss dersom naudsynt.










Her kan du føra inn aktivitetar/interesser du likar å halde på med og som du synes du er god på:*
Nasjonalitet:*
Språk:*
Kven ynskjer du å vera støttekontakt for (kjønn)?*



Alder (set gjerne kryss ved fleire alternativ)?*




Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for personar med (set gjerne kryss ved fleire alternativ)?*:






Kva dagar ynskjer du å jobba?*







Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for to eller fleire som fungerer godt saman?*



Har du sertifikat og tilgang til bil?*


Me ynskjer å gjera avtale for eit heilt år. Har du høve til det?*


 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen