Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  27.09.2016
Oppdatert: 14.10.2016
 

Symjekurs

Stord kommune inviterer til gratis symjekurs for elevar i 5. til 10 klasse.

Barn og unge

Svært mange barn og unge er ikkje symjedyktige. Skuleeigar pliktar til å gi elevane symje- og livredningsopplæring, men lite tid og kapasitet i bassenga gjer at det ikkje er like lett å gjennomføre for alle. No set Stord kommune fokus på symjeopplæringa og vil gi elevar som ikkje er symjeedyktige tilbud om tilrettelagt opplæring.

I vinter vert det tilbod om gratis symjekurs til elevar i 5.-10.klasse som ikkje er trygge i vatn eller som ikkje er symjedyktige. Kurset er spesielt retta mot minoritetsspråklege barn.

Kurset går måndagar og tysdagar frå klokka 16.00-17.00, i bassenget i Rehabilliteringssenteret.

Kommunen definerer symjedyktig på 4.trinn som at barnet klarar å stupa uti på djupt vatn, symja 12,5m på magen, skifta retning og symja to-tre meter tilbake, stoppa og flyta i 30 sekundar, symja på ryggen tilbake til utgangspunktet.

Kursstart

Kurset startar måndag 17. oktober. Kursdagar er måndagar og tysdagar, klokka 16.00 - 17.00. Det er begrensa plassar.

Kurset finn stad i bassenget i rehabiliteringssenteret, Leirvik sentrum.

Det vil vera mannlege og kvinnelege instruktørar frå Kulturtenester i Stord kommune.

Påmelding: 
Namn
Namn føresette
Telefon
Skule
Klasse






 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen