Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Smal vasspest
Av:  Kari Rydland
Publisert:  16.08.2017 10:51
 
Oppdatert: 16.08.2017 12:19

Smal vasspest i Ådlandsvatnet

Stord kommune vil informere om funn av arten smal vasspest (Elodea nuttallii) i Ådlandsvatnet på Stord. Denne arten er registrert på den norske svartelista for framande artar, og er uønska i norsk natur.

Planta kan verte så dominerande at den både konkurrerar ut andre artar og er til hinder for ferdsel på vatn, for bading og fiske. Planta kan også danne matter på vassoverflata, og m.a. redusere kvaliteten på drikkevatn. Vasspest er naturleg utbreidd i Nord- Amerika, men har spreidd seg raskt i Europa dei siste hundre åra. Smal vasspest vart registrert i Noreg for fyrste gang i 2006, då i eit vatn i Hå kommune i Rogaland.

Vasspest har eit stort spreiingspotensiale. Ein liten plantedel på nokre få cm kan vere nok til etablering av ny bestand. Derfor er det viktig at alle båtar, kanoar og liknande som vert brukt i Ådlandsvatnet vert ausa heilt tomme, vaska reine for plantedelar og grundig tørka før dei ev. vert nytta andre stadar. Alt av utstyr, klede, tauverk og fiskereiskap må vaskast for plantedelar og tørkast grundig før det vert nytta andre stadar.

Artane vanleg og smal vasspest har potensiale til å verte eit så stort problem at det er vedtatt ei eiga forskrift for dei. Forskrifta forbyr import, utsetjing, omsetjing og hald av både vasspest og smal vasspest. Etter naturmangfaldlova er alle forplikta til å ta omsyn til naturen, deriblant å unngå spreiing av framande artar som vasspest.

Det er planlagd ei nærare vurdering av førekomsten av smal vasspest i Ådlandsvatnet. Ein vonar at utbreiinga er så avgrensa at det kan setjast i verk tiltak for å utrydde arten på staden.

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune