Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Illustrasjonsbilde
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.01.2017
 
Oppdatert: 04.09.2017

Stortings- og sametingsval 2017

Måndag 11. september 2017 er det stortings- og sametingsval. På Stord er det færre enn 30 manntalsførte for sametingsvalet og det vert då ikkje halde valting. Desse må førehandsrøysta.

Desse har røysterett

Norske statsborgarar som oppfyller følgande vilkår har røysterett:

  • fyller 18 år innan utgongen av valgåret
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53
  • er eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Manntalet

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i midten av juli. Det skal ligga ute til offentleg ettersyn i rådhuset til og med valdagen.

Den som meiner ein er uriktig oppført i manntalet kan krevje at valstyret i kommunen eller Sametinget rettar opp feilen. Eit sikt krav må vera skriftleg og grunngjeve.

Manntalet byggjer på opplysningar frå folkeregistert. Det er bustadadressa i folkeregisteret pr 30. juni som avgjer kva kommune ein har røysterett i og kva valkrins ein skal røysta i på valdagen.

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort i slutten av juli eller starten av august månad. Her vil du mellom anna finna opplysning om vallokalet og opningstida på valdagen. Ta med valkortet når du skal røysta, det vil letta arbeidet til røystemottakaren.

Valkort i retur

Stord kommune får mange valkort i retur. Valkorta blir sendt til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Har du flytta utan å melda frå til folkeregisteret er dette grunnen til at du ikkje får valkort i posten.

Røysting


1. Tidleg røysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta under ordinær førehandsrøysting og heller ikkje valdagen, kan du røysta frå 1. juli og til og med 9. august.

TA MED LEGITIMASJON.

2. Førehandsrøysting

Førehandsrøysting i rådhuset i tida 10. august til og med fredag 8. september.

Opningstider:

Kvardagar veke 32 til 37 kl 09.00 – 15.30
Laurdag 26. aug. og 2. sept.      kl 10.00 – 14.00
Torsdag 31. aug. og 7. sept. kl 09.00 – 18.00
Fredag 8. september kl 09.00 – 18.00

 

TA MED LEGITIMASJON OG VALKORT.

3. Røysting på institusjonar

  • Stord sjukehus – fredag 8. september kl 11.00 - 12.30
  • Stord sjukeheim – tysdag 5. september kl 10.30 -12.00
  • Knutsaåsen omsorgssenter - måndag 4. september kl 10.30. - 12.00 
  • Aktivitet og re/habiliteringssenteret - onsdag 6. september kl 12.30 - 13.30

4. Ambulerande røysting – røysting heime

Veljarar som p.g.a. sjukdom eller uføre og som ikkje har høve til å røysta der det vert halde førehandsrøysting, kan søkja om å få røysta heime eller der dei oppheld seg.

NB! Søknadsfristen er tysdag 5. september.

Det kjem nærare kunngjeringar i avisa.

5. Røysting på valdagen

Til orientering har Valstyret i Stord gjort endringar i røystekrinsane som følgjer:

  1. Leirvik valkrins (samanslåing av Leirvik og Langeland valkrinsar)
  2. Sagvåg valkrins (samanslåing av Sagvåg og Litlabø valkrinsar)
  3. Nordbygdo valkrins (samanslåing av Hystad og Rommetveit
  4. Huglo

 

KrinsRøystelokaleOpningstid
Sagvåg Nysæter ungdomsskule kl 09.00 til 21.00
Leirvik Kulturhuset kl 09.00 til 21.00
Nordbygdo   Prestagadsskogen Fleirbrukshall     kl 09.00 til 21.00
Huglo «Gamleskulen» kl 15.00 til 18.30

 

 TA MED LEGITIMASJON OG VALKORT.

6. Utanriks

Førehandsrøystinga startar utanriks 1. juli, siste dag er fredag 1. september. (Svalbard og Jan Mayen er spesielle)

Førehansrøysting utanriks kan skje på to måta

  • Anten i nærvær av ein offisiell røystemottakar, ein utanriks tenestemann eller røystemottakar oppnemnd av departementet
  • Brevrøyst – veljaren legg røystesetelen i ein konvolutt og limar att, legg denne i ein ny omslagskonvolutt der ein skriv på følgjande opplysningar:
    - Namn til veljaren, siste adresse i Norge og fødselsnummer.
    - Namn og adresse til valstyret, tid og stad for røystinga og signerer.
    - Dersom det er mogleg bør eit vitne stadfeste.
    - Legg denne i ein ny konvolutt som skal sendast til valstyret i heimkommunen.

Les meir: https://valg.no/globalassets/dokumenter/valgmateriell/utenriks/veileder-brevstemmegivning-til-de-som-vil-brevstemme.pdf 

Stord skal nytta elektronisk avkryssing i manntalet valdagne og det vil difor korta ventetida der de har med valkort.

Godt val!

Sjå elles www.valg.no og www.sametinget.no

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra 

Kommunestyret
Formannskapet
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda
Komité for næring, miljø og kultur

Tlf. 53 49 66 53

Haldis Lauksund

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret

Tlf. 53 49 66 90

Renate Våge

Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

Tlf. 53 49 66 47

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen