Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.06.2017
 
Oppdatert: 01.06.2017

Utsmykking av torget og i Vidsteensparken

Fondsstyre har sett av kr 1,15 million til utsmykking på torget og i Vidsteensparken

Hausten 2015 fekk kunstnaren Anders Kjellesvik oppdraget med å gjennomføre sitt forslag «Den høgreiste og havet».

Våren 2016 var oppdraget godt i gong. Lokale verksemder støtta prosjektet. Scanmet på Eldøyane sette av areal for produksjon og gav gratis materiell til skulpturane.

Når skulpturen skulle plasserast på torget støytte ein på hindringar med vass- og avlaupsrøyr som ligg under bakken. I samarbeid med leigetakarar på torget og Stord kommunalteknikk fann ein alternativ plassering.

Nye vedtekne retningsliner om bruk og organisering av utsmykkingsfondet, krov at sak om større utsmykkingsprosjekt skulle handsamast politisk.

Kommunetyret vedtok i møte 22.12.16, å be rådmannen legge fram ei sak med ei kunstfagleg og teknisk vurdering av moglege alternativ for plassering av «Den høgreiste og havet» sentralt i Leirvik. Saka skal vera ferdig utarbeidd sommaren 2017, slik at den kjem opp som sak i første møte i NMK og kommunestyre hausten 2017.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen