Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
bilde av kunst: kinesiske hattar
Av:  Stord kommune
Publisert:  28.10.2011
Foto: Haldis Lauksund
Oppdatert: 15.11.2017

Utsmykkingsfond

Stord kommune sitt utsmykkingsfond skal sikra offentlege midlar til utsmykking av kommunale bygg og anlegg og offentlege plassar, og sikra midlar til ei kommunal innkjøpsordning for kunst.

Fondstyret har fullmakt til å disponera midlane på fondet og eining for Kulturtenester har det administrative ansvaret. Ved store offentlege utsmykkingar skal dette godkjennast politisk.

Kravet til kunstnarleg kvalitet skal alltid vera eit overordna omsyn.

Ved kvart kunstprosjekt skal fondsstyret utnemna utsmykkingskomitear, gje komiteane mandat og godkjenna utsmykkingsplanar frå komiteane. Komiteane skal leias av ein kunstnarleg konsulent. 

Medlemer

Stord kommunestyre har valgt følgjande som medlemer i kommunen sitt utsmykkingsfond for perioden 2016-2019:

  1. Marit T. Odland (AP) leiar
  2. Geir Angeltveit (V)
  3. Geir Kannelønning (H)
  4. Jørund Fjøsne, kunstnarisk konsulent
  5. Knut J. Gram (administrasjonen)

 

Varamedlemer: 1. Astrid F. Halland (AP), 2. Tore Hatlevik (STL), 3. Esther Aasen Bjelland (SP) 

Styret

Fondet skal ha eit styre på fem medlemmar

- ein kunstnarleg konsulent

- tre politisk valde

- ein peika ut av administrasjonssjefen

Styret peikar ut den kunstnarlege konsulenten.

Dei politisk valde medlemane vert oppnemnde av kommunestyret for den kommunale valbolken.

Stord kommunale utsmykkingsfond – kort historikk

Stord kommune vedtok å opprette eit Utsmykkingsfond for kommunen i møte 12.12.1989. Frå 1985 var det kvart år sett av kr 5 000 til kommunal utsmykking. Fram til 1989 vart det kjøpt inn 18 bilete av lokale kunstnarar. Innkjøpsordninga fungerte ikkje tilfredsstillande. Summen var for liten og det var ikkje klare retningsliner for innkjøp. Innkjøpsordninga vart avvikla til fordel for ei meir omfattande innkjøpsordning som tek utgongspunkt i kommunen sitt ønskje om utsmykking av bygningar og anlegg.

I 1979 sende Kommunenes Sentralforbund ut eit rundskriv med framlegg tilinnkjøpsordningar. I sak 143/89 vedtok Stord kommunestyre:

  • Kommunestyret vedtek at det skal opprettast eit utsmykkingsfond for Stordkommune.
  • Kommunestyret godkjenner rådmannen sitt forslag til vedtekter for fondet.

Eit eige fondstyre har fullmakt til å disponera midlane på fondet. Fondstyre skal utnemna utsmykkingskomitear til einskilde utsmykkingsoppgåver, gje komiteane mandat og godkjenna utsmykkingsplanane frå komiteen.

22.09.2016 vart vedtektene endra i kommunestyret. Større prosjekt, som investeringar i bygg og anlegg, og/eller prosjekt der føresetnadene ikkje er fullt ut klarlagde i budsjettet, skal no følgjast opp ved at rådmannen fremjar prosjektet gjennom ei eiga sak til Komite for næring, miljø og kultur og videre til kommunestyret.

Vedtekter for Stord kommune sitt utsmykkingsfond

KORO – kunst i offentlege rom. -Statleg støtteordning til kunst i offentlege rom www.koro.no/ Hordland Kunstsenter www.kunstsenter.no/

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen