Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  02.12.2009
 
Oppdatert: 14.02.2017

Kontrollutvalet i Stord kommune

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har fem medlemmar. Leiar og nestleiar skal vera medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vera representerte i andre politiske utval.

Medlemmar i kontrollutvalet 2015-2019

Reglement for kontrollutvalet er å finna i reglement for kommunale styre, råd og utval i Stord kommune.

Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval

Oppgåver

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne.

Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen. 

Revisjonstenester

Stord kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat

Stord kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme: føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak.

Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Stord kan sendast til kontrollutvalet@hfk.no

Møteverksemd

Kontrollutvalet har normalt seks ordinære møte i året. Møtekalender finn du her. Sakspapir/protokoll for kontrollutvalet finn til høgre på denne sida. 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen