Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Podiet med rådmann, ordførar og sekretær
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  21.04.2017 09:02
 
Oppdatert: 21.04.2017 09:04

Sjå opptak frå kommunestyret 20. april

Opptaket frå møtet i kommunestyret er no tilgjengeleg i vårt videoarkiv.

Møteprotokollen (referatet) skal godkjennast før han vert gjort tilgjengeleg for publikum. Då vil du finna han på kommunestyret si side i innsynsløysinga vår.

Til videoarkiv  

Følgjande politiske saker vart handsama

PS 13/17 Konkurranseutsetting av revisjonstenester for Stord kommune - val av revisor

Noverande avtaleperiode for revisjonstenester for Stord kommune er vedteke å gjelda til og med rekneskapsåret 2016, det vil seie til og med 30.06.17. Frå 01.07.2017 skal revisor i ny avtaleperiode vere på plass.

Innstilling:

Kommunestyret i Stord kommune vel KPMG som revisor frå 01.07.2017 til 30.06.2021.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 17-20

PS 14/17 Årsmelding 2016 for kontrollutvalet i Stord kommune

Partsbrev frå kontrollutvalet i Stord kommune sitt møte 04.04.17, sak PS 15/17.
Dei ber om at årsmeldinga kjem opp som politisk sak (ikkje referatsak), ettersom årsmeldinga må reknast som ein del av den lovpålagte rapporteringa frå utvalet til kommunestyret.

Innstilling:

Kommunestyret godkjenner årsmelding frå kontrollutvalet for 2016.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 21-30

PS 15/17 Ferjesamband Stord - Kvinnherad: Forprosjekt for ferjestø Djupavikneset og avklaring av vidare planarbeid

På bakgrunn av vedtak i Fylkesutvalet i Hordaland og kommunestyra i Stord og Kvinnherad er det utarbeidd eit teknisk/ økonomisk forprosjekt for ferjesambandet Stord-Kvinnherad for nytt ferjestø ved Djupavikneset, Leirvik. Lokaliteten vart også utgreidd i 2011, men vart ikkje tilrådd den gongen av Hordaland fylkeskommune og Statens Vegvesen. I denne siste utgreiinga er det vurdert å byggje ut ei løysing i to trinn, der ein i første trinn skulle leia trafikken gjennom Leirvik sentrum, og i 2. trinn bygge tunell mot E39.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret tek forprosjekt for ferjestø Djupavikneset til vitande og ser denne lokaliteten som uaktuell for nytt ferjestø for sambandet mellom Stord og Kvinnherad.

Kommunestyret ser utfordringar for Sunnhordlandsregionen framover gitt m.a. endringane i kommune- og fylkesstruktur. Ein må i endå sterkare grad vektleggje tiltak som kan binde regionen tettare saman og styrka samarbeidet mellom kommunar og næringsliv.
Kommunestyret vil delta i ein planprosess for framtidig ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord der ferjestø på begge sider av fjorden vert vurderte. Kommunestyret viser likevel til dei avgrensingar som ligg i tidlegare vedtak. Kommunestyret peiker på at det i første rekkje er alternativ på Kvinnheradsida som ikkje er utgreidde for ferjesambandet Stord-Kvinnherad. Kommunestyret meiner at alternativ nærare Husnes må vurderast. Berre ei innkorting av den samla reisetida mellom senter i kommunane kan etter kommunestyret sitt syn forsvara å på ny vurdere nytt ferjestø på Stord-sida. Ein vidare planprosess bør primært setjast i gang som ein interkommunal planprosess, subsidiært ein regional planprosess. Tidsaspektet er avgjerande for valet. Planarbeidet må må ta opp i seg dette:

  • Kortare overfartstid (fart vert vekta høgare enn miljøgevinst)
  • Redusert samla reisetid mellom Leirvik og Husnes
  • Frekvens
  • Finansiering

Det må vera eit vilkår at det er vilje til å finansiera eitt til to nye ferjestø med tilførselsvegar. Stord kommunestyre ser det ikkje som aktuelt å finansiera utbygginga med bompengar. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 31-85

PS 16/17 Prosesjonsveg: alternative traceval og tilråding for vidare planlegging

I 2010 vart det vedteke reguleringsplan for ny gravplass på Frugarden. Første vedtak i saka vart gjort året før, men Statens vegvesen klaga på dette vedtaket. Årsaka var at planlagt prosesjonsveg vart teke ut av planen. Vegvesenet meinte dette var eit alternativ dei ikkje hadde fått uttalt seg om, og at det ikkje kunne tilrådast å opparbeide ein gravplass utan prosesjonsveg når gravfylgjet måtte krysse ein sterkt trafikkert veg. Ved endeleg vedtak vart det lagt inn eit rekkefylgjekrav som seier at ny prosesjonsveg må vere regulert og bygd før grav nr. 500 kan takast i bruk.

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret tek forstudie for vurdering av alternative tracear for prosesjonsveg ved Stord kyrkje til vitande og ber om at alternativ 1A vert lagt til grunn for det vidare planarbeidet.
  2. Kommunestyret vedtek at kommunen skal utarbeide ein områdereguleringsplan for prosesjonsvegen og nytt tverrsamband mellom Øvre Sæ (Fv 544) og Ådlandsvegen (Fv 68) med tilliggjande areal for utbygging. Endeleg plangrense vert å fastsetje administrativt.
  3. Kommunestyret godkjenner eit førebels kostnadsoverslag for prosjektet på kr. 12 mill. kroner. Rådmannen skal i samband med vedtak av reguleringsplan for prosjektet leggja fram eit endeleg kostnadsoverslag. Investeringa vert å innarbeide i økonomiplanen.
  4. Kommunestyret løyver kr 400 000 for å finansiere områdereguleringa og kjem attende til finansiering i budsjettrevisjonen for første tertial 2017. Kommunestyret legg til grunn at Statens vegvesen finansierer kostnader med planlegging av tverrsambandet mellom Øvre Sæ (Fv 544) og Ådlandsvegen (Fv 68). Rådmannen får fullmakt til å inngå samarbeidsavtale med Statens vegvesen.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 86-138

PS 17/17 Vurdering av overføring av meir-/mindre forbruk på einingane i samband med rekneskapsavslutninga

Kommunestyret vedtok som del av budsjettvedtaket for 2017, pkt. 1 l), dette:

«I tråd med økonomireglementet ber kommunestyret om at vidareføring av meir- og mindreforbruk for skulane vert vurdert ved rekneskapsframlegging for 2016. Kommunestyret ber vidare om at ein gjennom 3-partssamarbeidet vurderer om andre einingar skal inkluderast i prinsippet om vidareføring av meir- og mindreforbruk, og/eller om andre tiltak kan iverksetjast for å sikra målsetnaden om samla mindreforbruk i einingane i Stord kommune.» 

Framlegg til innstilling:

Saka vert lagt fram utan tilråding.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 139-141

PS 18/17 Alternative samarbeidsformer til interkommunale selskap (IKS)

Ved handsaming av årsbudsjett 2017, vedtok kommunestyret at rådmannen

«snarast skal gå gjennom kost/nytte for alle interkommunale selskap Stord kommune deltek i. Arbeidet skal vurdere andre samarbeidsformer med våre nabokommunar slik kommunereforma legg opp til .» 

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret tek utgreiinga til vitande.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 142-145

PS 19/17 Søknad om fritak frå politiske verv ut valperioden frå Thor Gunnar Bjelland, Stordlisto

Thor Gunnar Bjelland, Stordlisto søkjer i e-post av 12.03.17 om fritak frå alle politiske verv ut valperioden grunna permanent flytting til utlandet. Bjelland fekk permisjon frå politiske verv i kommunestyret 26.05.16 fram til 30.06.17.
Verva hans er: Fast medlem av kommunestyret, kontrollutvalet og valstyret.

Framlegg til innstilling:

  1. Thor Gunnar Bjelland får fritak frå politiske verv ut valperioden, jf. Kommunelova § 15. nr 1.
  2. Nytt medlem i valstyret vert:
  3. Nytt kontrollutval vert:

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 146-148

PS 20/17 Søknad om fritak frå vervet som meddommar i Gulating lagmannsrett - Geir Økland

Geir Økland søkjer i e-post av 23.03.17 om fritak frå vervet som meddommar i Gulating lagmannsrett ut perioden grunna helsemessige årsaker. Dokumentasjon ligg ved.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret gjev Geir Økland fritak frå vervet som meddommar i Gulating Lagmannsrett. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 149-150

Meldingssaker

RS 12/17 Protokoll etter møte i kontrollutvalet 04.04.17 - Stord kommune.

RS 13/17 Partsbrev - Skatteoppkrevjing 2016 i Stord kommune.

RS 14/17 Deltaking i studie - bacheloroppgave - Kommunestyret

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen