Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  12.05.2017 13:47
 
Oppdatert: 24.05.2017 10:56

Komitè for oppvekst og utdanning 30. mai

Tilstandsrapport barnehagane og grunnskulane i Stord og friplassordning i Stord kulturskule er nokon av sakene som skal opp i møtet

Tid: Torsdag 30. mai klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

PS 6/17 Endring av gjeldande rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulen i Stord kommune

Komité for oppvekst og utdanning vedtok i sak PS 7/14 rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune.

Langeland skule har frå hausten av for liten kapasitet. Utviklinga i elevtal og individuelle tilpassingar gjer at skulen har for få undervisningsrom og for lite uteområde. Skulen har alt for høgt elevtal i høve skulebruksplanen.

Langelandkrinsen har i vår hatt ein stor og uføresett vekst i elevtalet. Utfordringane for hausten 2017 blir søkt løyste mellom anna ved mellombelse ordningar som bruk av spesialrom, endring av organisering og frivillig overføring til andre skular.

På lenger sikt meiner rådmannen kapasitetsproblema ved Langeland må løysast ved å justera krinsgrensene. Rådmannen gjer i medhald av kommunestyrevedtak i sak PS 56/09 framlegg om å starta ein prosess for å vurdera krinsgrensene mellom Langeland og Leirvik skular, mellom Langeland og Tjødnalio skular og mellom Leirvik og Hystad skular.

Endring av krinsgrensene skal handsamast som forskrift etter forvaltningslova kap. VII. Ny rettleiande orskrift om krinsgrenser vil vera gjeldande frå hausten 2018.

Framlegg til vedtak:

Komité for oppvekst og utdanning ber rådmannen starta arbeidet med å revidera Rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune.

Føremålet med revisjonen er å justera krinsgrensene mellom Langeland og Leirvik skular, mellom Langeland og Tjødnalio skular og mellom Leirvik og Hystad skular med verknad frå skuleåret 2018/2019.

Saka skal handsamast som ei forskrift etter forvaltningslova kap. VII.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 10-14

PS 7/17 Tilstandsrapport barnehagane og grunnskulane i Stord skuleåret 2016-2017

Det er fastsett i Opplæringslova at kommunen som skuleeigar pliktar å utarbeida ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I St.meld.nr 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunen har eit medvite og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er naudsynt for å følgja opp utviklinga av sektoren på ein god måte.

Framlegg til vedtak/innstilling:

Kommunestyret tek Tilstandsrapport for barnehagane oggrunnskulane i Stord kommune 2016/17 til orientering.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 15-17

PS 8/17 Søknad om fritt skuleval, ny handsaming

5. oktober 2016 fekk Stord kommune søknad om fritt skuleval der familien ynskte at dottera skulle skrivast inn som elev ved Leirvik skule ved skulestart august 2017, og ikkje ved Litlabø skule, som er barnet sin nærskule.

Stord kommune avslo søknaden administrativt med heimel i gjeldande delegasjonsreglement og Rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune. Fylkesmannen som klageinstans stadfesta 17. mars i år kommunen sitt vedtak.

Ordføraren ber i e-post 19.5.2017 om at saka vert handsama politisk; i «samråd med leiar og nestleiar i OUT-komiteen har me kome fram til at me ynskjer ei politisk sak på denne saka i komande møte.»

Framlegg til vedtak:

Komité for oppvekst utdanning stadfestar administrativt vedtak av 21. februar 2017, sak 2016/1502.

 Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 18-28

PS 9/17 Årsmelding 2016

Årsmeldinga 2016 for Stord kommune vert publisert i ein nettbasert versjon på følgjande nettadresse:

https://sk-dokument.no/arsmelding-2016/

Framlegg til innstilling:

Årsmelding for 2016 vert teke til orientering. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 29-30

PS 10/17 Friplassordning i Stord kulturskule

Stord kulturskule har om lag 800 elevplassar fordelt på ulike kulturuttrykk og har ventelister til dei fleste tilboda. Elevane fordeler seg nokolunde jamt mellom dei ulike krinsane, men ein ser at enkelte brukargrupper fell utanfor. Dette gjeld særleg barn av innvandrarar/arbeidsinnvandrarar.

Kulturskulen kan vera ein god inkluderings- og integreringsarena og bidra til auka læring, utvikling, livsmeistring og hindre utanforskap. Ein føresetnad er at alle har mogleik til å nytta tilbodet og at familien sin økonomiske situasjon ikkje er til hinder.

Målet for skulen er at den skal vera for alle. I dag kostar det kr 1810 per semester i elevavgift for instrumental-/vokalundervisning, individuelt og i mindre grupper i kulturskulen medan det kostar kr 1645 per semester i elevavgift for undervisning i større grupper (dans, parkour, bildande kunst, drama med meir). Det er ordningar for søskenmoderasjon og kostandar knytt til leige av instrument.

Framlegg til innstilling/vedtak:

Kommunestyret vedtek at det vert innført friplassordning i Stord kulturskule for elevar frå familiar der føresette har ei samla netto skattbar inntekt på kr 400 000 eller mindre. Ordninga vert gjeldande frå 01.01.18.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 31-33

PS 11/17 Vedtekter for Stord kulturskule

Opplæringslova §13-6 omtalar kommunen si plikt til å ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge. Det er utover dette ikkje gitt nærare gitte reglar eller retningsliner for korleis den enkelte kommune skal driva og organisera tilbodet. Kommunestyre vedtok i PS 26/2016, «Rammeplan for kulturskulen – Mangfald og fordjuping» som styrande dokument for innhaldet i kulturskuletilbodet. Rådmannen ser at det også er trong for vedtekter som informerer om rettane og pliktene til både føresette, elevar og eigar av kulturskulen og har i denne saka lagt fram forslag til vedtekter.

Framlegg til vedtak:

Vedtekter for Stord kulturskule vert godkjent slik dei ligg føre.

Vedtektene vert gjeldande frå og med 1. august 2017.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 34-39

PS 12/17 Godkjenning av Retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid blant barn og unge

Denne saka gjeld fastsetting av retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid, jf. siste avsnitt. I 2017 er det kr 215 000 som skal fordelast etter desse retningslinene.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret godkjenner Retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid blant barn og unge, slik dei ligg føre.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 40-44 

PS 13/17 Klage på vedtak i Komite for oppvekst og utdanning PS 3/17. U.off. jf. Fvl og offl.§13

Komité for oppvekst og utdanning fatta vedtak i sak ombygging av fosterheim for multifunksjonshemma barn, den 28.03.17 i PS 3/17. Vedtaket laud slik:
«Komité for oppvekst og utdanning gir rådmannen fullmakt til å inngå avtale med fosterheimen om økonomisk stønad til ombygging av husvære for multifunksjonshemma barn i fosterheim. Komiteen legg til grunn at avtala har ei oppseiingstid på minimum eitt år.»

Framlegg til vedtak:

Klaga vert avvist.

 Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 45-56

Meldingssaker

  • RS 20/17 Arbeidsplan 17/05
  • RS 21/17 Økonomirapport april 2017
  • RS 22/17 Referat møte FAU 4.april 2017
  • RS 23/17 Referat møte SU Sagvåg skule 4.april 2017
  • RS 24/17 Referat frå møte i Folkehelserådet 16.05.17
  • RS 25/17 Stord ungdomsskule, prosjektrapport april 2017

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra 

Ansvar:
Kommunestyret
Formannskapet
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda
Komité for næring, miljø og kultur

Tlf. 53 49 66 53

Haldis Lauksund

Ansvar:
Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret

Tlf. 53 49 66 90

Renate Våge

Ansvar:
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

Tlf. 53 49 66 47

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen