Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  22.05.2017 14:20
 
Oppdatert: 24.05.2017 10:50

Komitè for næring miljø og kultur 31. mai

Utsmykking på torget og i Vidstenparken og årsrekneskap 2016 er nokon av sakene som skal opp i møtet

Tid: Torsdag 31. mai  klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

PS 16/17 Årrekneskap 2016 - Stord hamnestell

Rekneskapen til Stord hamnestell viser eit netto driftsresultat på kr 500 216 og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 896 540. Netto driftsresultat vert berekna frå brutto driftsresultat, korrigert for renter, avdrag og avskrivingar. Netto driftsresultat fortel kva hamnestellet sit igjen med etter at driftsutgifter, renter og avdrag er betalt.

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret godkjenner rekneskapen til Stord hamnestell for 2016 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk på
    kr 896 540.
  2. Rekneskapsmessig mindreforbruk vert sett av til disposisjonsfond.

 Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 11-38

PS 17/17 Årsmelding 2016

Årsmeldinga 2016 for Stord kommune vert publisert i ein nettbasert versjon på følgjande nettadresse:

https://sk-dokument.no/arsmelding-2016/ 

Framlegg til innstilling:

Årsmelding for 2016 vert teke til orientering. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 39-40 

PS 18/17 Utsmykking på torget og i Vidstenparken - plassering av skulptur

Kommunestyret fatta 22.12.2016, sak PS 92/16, slikt vedtak:

«Stord kommunestyre ber rådmannen om å legge fram ei sak med ei kunstfagleg og teknisk vurdering av moglege alternativ for plassering av «Den Høgreiste og Havet» sentralt i Leirvik: i området Torget/Borggarden i løpet av våren 2017. Vurderinga skal gjerast i samråd med kunstnar og utsmykkingsfond.

Kommunestyret ønskjer vidare – at ein i arbeidet med kommunedelplanen for Leirvik får framlagt ei gjennomarbeidd plan/skisse, som viser ein heilskapleg oversikt over plassering av skulpturen, i forhold til korleis resten av området skal utformast. Plassering av skulpturen skal vera ferdig utarbeidd sommaren 2017, slik at den kjem opp som sak i første møte i NMK og kommunestyre hausten 2017 for endeleg handsaming.»

Framlegg til vedtak/innstilling:

Saka vert lagt fram utan tilråding. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 41-43

PS 19/17 Stord maritime museum. Vidare drift. Tilhøvet til Sunnhordland museum

Føremålet med denne saka er å skissera ein veg vidare når det no er klart at Sunnhordland museum ikkje lenger vil ta ansvar for det maritime museet på Nattrutekaien.  

Framlegg til innstilling:

  1. Stord kommunestyre verdset det arbeidet som gjennom mange år er lagt ned for å ta vare på regionen sin maritime kulturarv. Kommunestyret beklagar at Sunnhordland museum ikkje har villa medverka til å få på plass ein samarbeidsavtale med det maritime museet.
  2. Stiftinga Stord maritime museum får frist til 1. oktober 2017 for å fremja eit alternativt driftsopplegg. Kommunestyret føreset at eit slikt opplegg omfattar eit betydeleg redusert kommunalt tilskot, og at det i tillegg til budsjett skisserer eit opplegg for fageleg og administrativ tilknyting og trong for deponi. Stord kommune kan medverka til å sikra deler av samlingane gjennom å stilla til rådvelde tenleg deponi. Kommunen vil inntil vidare drift er avklara betala det maritime museet si husleige på Nattrutekaien.
  3. Kommunestyret ber samstundes Stiftinga Stord maritime museum om å vurdera grunnlaget for stiftinga og gåva frå Oma-familien på bakgrunn av at det ikkje lenger ligg føre eit samarbeid med Sunnhordland museum. Stord kommune er i utgangspunktet innstilt på å vidareføra Stiftinga Stord maritime museum som ei eigarstifting.
  4. Stord er som vertskommune for Sunnhordland museum oppteken av at museet har tenelege rammer for drift og utvikling. Kommunestyret er innstilt på å vidareføra driftsstøtta på dagens nivå, tilsvarande tidlegare øyremerka tilskot til stilling som museumskonservator. Kommunestyret ser positivt på at fylkeskommunen vil gå gjennom drifta av museet og setta museet i stand til å løysa dei regionale oppgåvene. Stord kommune vil vurdera eventuelle søknader frå museet ved rullering av budsjett og økonomiplan.
  5. Det må startast ein prosess for å utvikla samarbeidsformer mellom lag og organisasjonar i Sunnhordland som arbeider med kulturhistoriske samlingar og Sunnhordland museum. Kommunestyret legg til grunn at Sunnhordland museum tek eit særleg ansvar for denne prosessen. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 44-69

PS 20/17 Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025

Komité for næring, miljø og kultur gjorde i 2014 vedtak om oppstart av revisjon av landbruksplan for Stord og Fitjar 2005-2015. Revidert landbruksplan ligg no føre, og det vert tilrådd å leggje planen ut til offentleg ettersyn.

Framlegg til vedtak:

Komité for næring, miljø og kultur legg framlegg til revidert Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025 ut til offentleg ettersyn. Planutkastet er datert 8. mai 2017. Høyringsfrist vert sett til 4 veker. 

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 70-101

PS 21/17 Uttale til søknad om landbasert anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Sagvåg

Erko Seafood AS har søkt Hordaland fylkeskommune om løyve til etablering av landbasert anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Sagvåg. Hordaland fylkeskommune har i brev datert 09.03.2017 bedt Stord kommune vurdere søknaden og leggje den ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen gjekk ut 21. april og kommunen har ikkje motteke merknader til søknaden. 

Framlegg til vedtak:

Stord kommune rår til at søknaden frå Erko Seafood AS om landbasert anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure vert imøtekomen. Slammet som vert produsert bør nyttast på ein bærekraftig måte.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 102-143

PS 22/17 Sunnhordland øl og matfestival - søknad om tilskot

Stord kommune har motteke søknad frå prosjektleiar til arrangementet «Sunnhordland øl og matfestival» Knut Vika. Konkret søkjer dei om kr. 5000 for å dekke kostnader til leige av bord og om ein kommunal representant i planleggingsgruppa.

Framlegg til vedtak:

Komité for næring, miljø og kultur løyver kr. 5000 frå løyvingskontoen som er sett av til næringsføremål, for å støtte arrangementet Sunnhordland øl og matfestival.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 144-146 

PS 23/17 Godkjenning av Retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid blant barn og unge

Denne saka gjeld fastsetting av retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid, jf. siste avsnitt. I 2017 er det kr 215 000 som skal fordelast etter desse retningslinene.

Framlegg til innstilling:

Kommunestyret godkjenner Retningsliner for tildeling av kulturmidlar med særskild føremål integrering og førebyggjande arbeid blant barn og unge, slik dei ligg føre.

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 147-151 

Meldingssaker

  • RS 23/17 Arbeidsplan 17/05
  • RS 24/17 Økonomirapport april 2017
  • RS 25/17 Skiltvedtak om 30 km/t sone i Hornelandsvegen
  • RS 26/17 Sluttrapport 3-årig LivOGLystprosjekt om vitalisering av Gruveområdet på Litlabø, samt skapa felles identitet i bydelen Sagvåg/Litlabø
  • RS 27/17 Referat frå møte i Folkehelserådet 16.05.17
  • RS 28/17 Pushwagner til Stord

Nærare saksutgreiing finn du i møteinnkallinga side 152-179 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen