Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  30.03.2017 07:47
 
Oppdatert: 24.05.2017 10:41

Forvaltningsstyret 6. april

Klagehandsaming - Detaljregulering for Grunnavågen og søknad om rammeløyve med dispensasjon, Turnhallen, er nokon av sakene som skal opp i møtet

Tid: Torsdag 6.april klokka 14.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

 

PS 6/17 Klagehandsaming - Detaljregulering for gnr/bnr 53/1 m.fl, Grunnavågen

Detaljregulering for gnr/bnr 53/1 m.fl., veg Grunnavågen vart vedteken av kommunestyret 22.12.2016.
Vedtaket vart kunngjort i samsvar med reglane i Plan- og bygningslova § 12-12 med opplysning om klagerett- og frist.
Det er motteke 3 klagar på den vedtekne reguleringsplanen frå grunneigarar i planområdet.

Framlegg til vedtak:

Forvaltningsstyret tek ikkje innkomne klagar til fylgje, og opprettheld vedtaket om detaljregulering for gnr/bnr 53/1 m.fl., veg Grunnavågen.
Forvaltningsstyret kan ikkje sjå at klagane inneheld opplysningar som ikkje tidlegare er vurdert i saka. Klagane vert sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Nærare saksutgreiing finn du på side 12-30

PS 7/17 Søknad om rammeløyve med dispensasjon - 27/503, 27/259, 27/697 - Nybygg, parkering og veg, Turnhallen, Borggata 56

På vegne av Turnhallen AS søkjar Link Arkitektur om rammeløyve til oppføring av bustadblokk med 25 leilegheiter bak Turnhallen i Borggata. Søknaden gjeld første byggetrinn i realisering av detaljreguleringfor gnr/bnr 27/259 m.fl., Turnhallen-Borggata, vedteke 25.11.2015, som opnar for oppføring av 2 separate blokker i 2 nybygg. Bygningskroppen som denne søknaden gjeld, byggjer vidare på eit eksisterande parkeringshus. Nybygget vil ha 3 plan over dagens garasjedekke; den øvste, 6.etasje er trekt inn og har felles takterrasse. Både det øvre garasjedekket og dei andre nivå under, 1. og 2.etasje i eksisterande parkeringshuset, vil framleis verta nytta til parkering.

Framlegg til vedtak/innstilling:

VEDTAK:

I medhald av §19-2 i plan- og bygningslova vert søknad om dispensasjon frå § 2.6.1 i detaljregulering for gnr/bnr 27/259 m.fl. Turnhallen- Borggata avslått.
I medhald av §19-2 i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå § 7.2 i detaljregulering for gnr/bnr 27/259 m.fl. Turnhallen- Borggata. 
I medhald av § 21-4 i plan- og bygningslova (PBL) vert søknad om rammeløyve til nybygg bustadblokk med garasjeanlegg og tilhøyrande ute- og leikeareal som omsøkt avslått.

Grunngjeving for avslag:

Rådmannen vurderer det slik at ved å dispensere frå kravet om privat uteopphaldsareal på min 6m 2/bueining utan alle bueiningane har fullverdig privat uteopphaldsareal vert omsyn bak føresegnervesentleg sett til side. At det er nok uteopphaldsareal på takterrasse og innanfor reguleringsplanområdet totalt sett kan ikkje kompensere for dei 7 balkongane som ikkje oppfyller støykrav.

Nærare saksutgreiing finn du på side 31-80

PS 8/17 27/1 - Arealoverføring av heil teig til 27/9, Borggata 104 - Klagehandsaming

Regulering, byggesak og oppmåling mottok 23.12.2016 søknad frå Stiftelsen Leirvik Bedehus om arealoverføring av heil teig frå grunneigedom gnr/bnr 27/1 til eigedom gnr/bnr 27/9. Søknaden vart i vedtak datert 18.01.2017, avslått med bakgrunn i at det omsøkte arealet er offentleg trafikkområde.
Saka har vore sendt på høyring til Stord kommunalteknikk (SKT). Vedtaket vart påklaga i brev av 01.02.2017

Framlegg til vedtak:

Forvaltningsstyret kan ikkje sjå at klagen inneheld informasjon som tidlegare ikkje er vurdert, og kan dermed ikkje sjå at det er grunnlag for å ta klagen til følgje. Saka vert å sende Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Nærare saksutgreiing finn du på side 81-102

Meldingssaker

  • RS 3/17 Referat frå møte i folkehelserådet 14.02.17
  • RS 4/17 Delegasjonsliste 23.01.17-27.03.17

 

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen