Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  01.03.2017 08:35
 
Oppdatert: 01.03.2017 12:20

Formannskapet 8. mars

Høyringsuttale Bømlopakke II, prosjekt arealeffektivisering og skjenkeløyve til Skaut Spiseri AS og Cafe Lille Berlin AS er blant sakene som skal opp i møtet.

Tid: Onsdag 8. mars klokka 12.00
Stad: Kommunestyresalen

Politiske saker

PS 2/17 Bømlopakke II, høyringsuttale

Bømlo kommune klarar ikkje å realisera Bømlopakken og lanserer ein ny og utvida Bømlopakke II. Denne omfattar ikkje-realiserte prosjekt i den opprinnelege Bømlopakken, nye prosjekt, trafikksikring, og eit nytt regime for bompengesatsar og innkrevjing. Vidare legg Bømlo kommune opp til å bompengefinansiera kostnader med nedklassifisering av fylkeskommunale vegar.

Saka har høyringsfrist 10. mars 2017.

Framlegg til vedtak:

Av omsyn til pendling, handel og samkvem elles mellom Stord og Bømlo bør ikkje betalingssatsane i Bømlopakken setjast for høgt. Stord kommune ser difor positivt på det endra betalingsregimet som Bømlopakke II legg opp til. Stord kommune ser Bømlopakken i samanheng med den komande Stordpakken, og er oppteken av det samla avgiftsnivået for innbyggjarane i distriktet. Stord kommune meiner at når det så langt kjem må leggjast til rette for samordning av førehandsbetaling og rabattordningar mellom Bømlopakken og Stordpakken.

Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 12-14

PS 3/17 Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger - uttale frå Stord kommune

Hordaland fylkeskommune har i brev datert 14.02.2017 sendt Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, revidert 13.02.2017 på avgrensa høyring.

Høyringsfristen er 29.03.2017.

Planen var på offentleg høyring i perioden mai til oktober 2015.

Framlegg til vedtak:

Formannskapet sluttar seg til forslag til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger sist revidert 13.02.2107. Formannskapet vonar planen vil føra til ei berekraftig forvaltning av sjøarealet og strandsona i planområdet.

Formannskapet vil likevel peika på at:

  • Farlei til Eldøyane, som er farlei til den mest trafikkerte godshamna i regionen, og til dei 2 ferjeleiene Skjersholmane-Ranavik og Jektvik-Hodnanes må visast i plankartet
  • Temakartet fiskeriinteresser (figur 5 i planomtalen) må berre visa sjøarealet rundt Huglo som fiskeområde, aktive reiskap, og ikkje heile øya.

 Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 15-84

PS 4/17 Prosjekt arealeffektivisering; konklusjon og avslutning

«Prosjekt arealeffektivisering» vart sett i gang av kommunestyret i 2013 gjennom budsjettvedtaket for Stord kommunale eigedom KF. Prosjektet, som skulle evaluere bruk og trong for bygg, anlegg og eigedomar med sikte på å selje bygg/anlegg som kommunen ikkje trong til eigne føremål, vart seinare overført til rådmannen. Rådmannen fekk i oppdrag å utarbeide ein forstudie for bruk og framtidig behov for kommunale føremålsbygg. Føremålet var å leggje til rette for meir effektiv arealutnytting og å avhende bygg kommunen ikkje lengre trong til eigne føremål. Tilsvarande skulle det gjerast ei vurdering av arealbruken i leigde bygg.

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret viser til saksutgreiinga og tek status i prosjektet til vitande. Prosjekt arealeffektivisering vert avslutta. Attståande prosjekt vert å vidareføra som einskildprosjekt.
  2. Kommunestyret godkjenner at det innanfor ei kostnadsramme på 3,12 mill. kr. inkl. mva. vert gjennomført ei ombygging av Ske-bygget på Heiane slik det er skissert i saksutgreiinga. Kommunestyret garanterer for at Stord kommunale eigedom AS tek opp eit lån for å finansiera utbygginga.
  3. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale om nye lokale for eininga rekneskap og løn.
  4. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida eit forstudie på å byggja avlastningsbustader for funksjonshemma i Sævarhagen.
  5. Kommunestyret vil ikkje gå vidare med ei større fortetting av rådhuset, men legg til grunn at rådmannen arbeider vidare med å utbetra bygget m.o.t. ventilasjon, branntryggleik, slusing og anlegga eit mindre tal nye kontorplassar. Kommunestyret ønskjer å i størst mogeleg grad å samla dei kommunale tenestene og vil vurdera eit tilbygg på rådhuset. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen kjem attende med ei nærare vurdering av dette.
  6. Kommunestyret vil ta stilling til opprusting/ombygging av Nattrutekaien 9 og 11 i ei eiga sak.

Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 85-108

PS 5/17 Budsjettendring, overføring av unytta løyving investering og tiltakspakkemidlar frå 2016 til 2017

Investeringsrekneskapen er som driftsrekneskapen eittårig. Det er komen ein vegleiar om budsjetteringav investeringar og avslutning av investeringsrekneskapen som presiserer dette. For å hindre stans i prosjekta kjem budsjettendringa allereie no, ein ventar ikkje til første budsjettrevisjon. Prosjekt som var vedteke i 2016, men som ikkje er avslutta og har restmidlar, må budsjetterast på nytt.

Per 31.12.16 var saldoen på unytta lånemiddel kr 113 266 819,99, i tillegg kjem kr 46 366 513 som er fondsavsett som restmidlar på slike prosjekt, tilsaman kr 159 633 332,99.

Framlegg til innstilling:

  1. Kommunestyret vedtek å auke investeringsbudsjettet for 2017 med kr 155 762 048,59 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta løyvingar frå 2016 (unytta lånemiddel og fond).
  2. Kommunestyret vedtek å auke investeringsbudsjettet for 2017 med kr 3 871 284 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta investeringsmidlar frå tiltakspakken 2016.
  3. Kommunestyret vedtek å auke driftsbudsjettet for 2017 med kr 501 781,65 i samsvar med saksutgreiinga, som ei vidareføring av unytta driftsmidlar frå tiltakspakken 2016.

 Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 108-114

PS 6/17 Auke av gravfesteavgifta i Stord kommune

Stord kykjelege fellesråd ynskjer å auke gravfesteavgifta. Gravfesteavgifta har vore uendra dei siste tre åra.

Framlegg til innstilling:

Stord kommunestyre vedtek å auke festeavgifta i Stord kommune frå kr 250 til kr 350 per år med verknad frå 1.1 2018.

Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 114-119

PS 7/17 Tilskot til "Folk i sentrum"- Folkehelsedagar 2017

Folkehelserådet har bestemt at det skal arrangerast Folkehelsedagar i Leirvik sentrum 4.-7. mai 2017. Arrangementet har tittel «Folk i sentrum» og er ei markering av 10 år med systematisk folkehelsearbeid i kommunen.

Framlegg til vedtak:

Formannskapet løyver kr. 30 000 til «Folk i sentrum», Folkehelsedagar 2017, finansiert over formannskapet sin løyvingskonto. 

Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 120-122

PS 8/17 Skjenkeløyve for Skaut Spiseri AS, Borggata 3

Skaut Spiseri AS, har søkt om skjenkeløyve, Borggata 3. Dei ynskjer skjenkeløyve for alkoholgruppe 1 og 2, øl og vin. Dei søkjer skjenking inne.

 Framlegg til vedtak:

Stord formannskap gir Skaut Spiseri AS – org.nr 918 321 772 løyve til skjenking innafor alkoholgruppe 1og 2, øl og vin i sine lokale i gnr/bnr 27/148, Borggata 3, 5417 Stord.

  • Løyvet er avgrensa til inneverande løyveperiode som gjeld fram til 30.09.2020.
  • Løyvet er knytt til Stine Strand som skjenkestyrar.
  • Dersom løyvehavar skiftar skjenkestyrar i løpet av løyveperioden, skal det straks meldast frå skriftleg til Stord kommune for godkjenning av ny styrar.
  • Løyvehavar pliktar å forvalta løyvet etter Alkohollova sitt regelverk og i tråd med Stord kommune sine Alkoholpolitiske retningsliner, vedtekne av kommunestyret.
  • Løyvehavar pliktar å sende til Stord kommune, Kundetorget, oppgåve over faktisk omsett mengd alkohol innan 01. mars kvart år.
  • Løyvehavar pliktar å føre internkontroll i samsvar med forskrift til Alkoholloven § 8-1, og sosial og Helsedirektoratets hefte; «Internkontroll etter alkohollova – for sal og skjenkesteder» utgitt 12/2005.

 Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 123-124

PS 9/17 Skjenkeløyve for Cafe Lille Berlin AS, [ Lille Berlins Gruo], Sagvågsbrekko 6

Cafe Lille Berlin AS har søkt skjenkeløyve, Sagvågsbrekko 6. Dei ynskjer skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, øl, vin og brennevin. Dei søkjer skjenking inne og ute. 

Framlegg til vedtak:

Stord formannskap gir Cafe Lille Berlin AS, org.nr 916 983 239 løyve til skjenking innafor alkoholgruppe 1, 2 og 3 øl, vin og brennevin i sine lokale (tidlegare Gruo Pub) gnr/bnr 56/24, Sagvågsbrekko 6, 5410 Sagvåg.

  • Løyvet er avgrensa til inneverande løyveperiode som gjeld fram til 30.09.2020.
  • Løyvet er knytt til Øyvind Sporsheim som skjenkestyrar og Tim Mannsee som reserveskjenkestyrar.
  • Dersom løyvehavar skiftar skjenkestyrar i løpet av løyveperioden, skal det straks meldast frå skriftleg til Stord kommune for godkjenning av ny styrar.
  • Løyvehavar pliktar å forvalta løyvet etter alkohollova sitt regelverk og i tråd med Stord kommune sine alkoholpolitiske retningsliner.
  • Løyvehavar pliktar å sende til Stord kommune, Kundetorget, oppgåve over faktisk omsett mengde alkohol innan 01. mars kvart år.
  • Løyvehavar pliktar å føre internkontroll i samsvar med forskrift til alkohollov § 8-1, og sosial og helsedirektoratet sitt hefte «Internkontroll etter alkohollova – for sal og skjenkesteder» utgitt 12/2005.

  Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 125-126

 

Meldingssaker

  • RS 13/17 Arbeidsplan 17/02
  • RS 14/17 Økonomirapport januar 2017
  • RS 15/17 NOTAT TIL FORMANNSKAPET OG RHO KOMITÉEN
  • RS 16/17 Endringer i inndeling i lensmanns- og politistasjonsdistrikter og tjenestesteder i Sør-Vest politidistrikt
  • RS 17/17 Kommunal- og moderniseringsdepartementet - Ny versjon av minsak.no (elektronisk innbyggerinitiativ) tilpasset bruk på mobiltelefon
  • RS 18/17 Regionreform - vedtak på fylkestinget i Hordaland (kopi av brev til Kommunal og moderniseringsdepartementet)
  • RS 19/17 Stord ungdomsskule, prosjektrapport januar 2017
  • RS 20/17 Referat frå møte i folkehelserådet 14.02.17
  • RS 21/17 Frå redningsselskapet - Vi sender med dette en stor takk for gaven

Nærare saksutgreiing i møteinnkallinga på side 127-162

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra

Tlf. 53 49 66 53

Kommunestyret
Formannskapet
Komité for næring, miljø og kultur
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda 

Haldis Lauksund

Tlf. 53 49 66 90

Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen