Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Logo og banner minsak.no
Av:  Nina Sørli
Publisert:  04.02.2013 12:14
 
Oppdatert: 12.11.2015 12:38

Føreslå ei sak gjennom innbyggjarinitiativ

Gjennom å samla underskrifter har du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke rett til å setja ein sak på den politiske dagsorden. No kan du føreslå ei sak og samla underskrifter på nettstaden www.minsak.no

For å føreslå ei sak må du bu i den kommunen eller det fylket saken gjeld. Ungdom under 18 år kan også føreslå saker.

Kor mange underskrifter treng du?

Du må samla underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane, eller minimum 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Kva kan du fremja saker om?

Du kan fremja saker som gjeld kommunen eller fylkeskommunen si verksemd. I praksis betyr dette oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagte og frivillige oppgåver. Det er dermed snakk om et vidt spekter av saker.

Kva kan du ikkje fremja saker om?

  • Saker som allereie er handsama av kommunestyret (eller fylkestinget) i løpet av valperioden.
  • Saker med same innhold som eit tidlegare innbyggjarinitiativ.

Dette betyr ikkje at det forbode å fremja ”den same” saka i løpet av ein og same valperiode, eller at kommunestyret eller fylkestinget ikkje har lov til å behandla saka. Kommunestyret eller fylkestinget kan velja å behandla ei sak som har blitt behandla før, men initiativtakarane kan ikkje krevja dette.

Når må saka behandlast?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at ho har fått nok underskrifter. Det er eitt unntak frå denne fristen. Seksmånadersfristen gjeld ikkje dersom  saka blir henvist til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kor lenge kan ei sak bli liggjande?

Saker som ikkje har nok underskrifter etter 12 månader, blir sletta fra www.minsak.no

Mer informasjon om innbyggerinitiativ:

Føreslå ei sak for Stord kommune

Er du innbyggjar i Stord kommune kan du fremja saka di her

Relaterte tenester

Politisk sekretariat

E-post: post@stord.kommune.no

Marit Annie Åkra 

Ansvar:
Kommunestyret
Formannskapet
Den særskilde klagenemd
Valstyret
Valnemnda
Komité for næring, miljø og kultur

Tlf. 53 49 66 53

Haldis Lauksund

Ansvar:
Komité for oppvekst og utdanning
Komité for rehabilitering, helse og omsorg
Forvaltningsstyret

Tlf. 53 49 66 90

Renate Våge

Ansvar:
Eldrerådet
Rådet for funksjonshemma

Tlf. 53 49 66 47

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen