Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Nina Sørli
Publisert:  20.01.2011 10:30
 
Oppdatert: 24.10.2012 14:50

Vegvesenet sin rapport om E 39 over Stord

Ein rapport frå Statens vegvesen januar 2011: Ulykkesanalyse, vurdering av risikobilde og vurdering av tiltak

Framside av rapporten E39 over Stord.Etter den siste dødsulukka på E39 over Stord, tok ordførar Liv Kari Eskeland kontakt med vegevesenet og kravde at noko måtte gjerast for å sikra denne vegstrekkja betre. Det resulterte i ein rapport frå vegvesenet og eit folkemøtet på Stord 10. januar 2011.

I rapporten kjem vegvesenet med forslag til trafikktryggleikstiltak for strekninga Heiane -Vestlivegen.

Følgjer opp saka

Etter folkemøtet har Stord kommune oversendt brev til Statens vegvesen der dei ber om oppfølging av konkrete tiltak i forhold til forslaga vegvesenet har kome med. Dette er kortsiktige tiltak som vil gi betydelege for betringar.

Nokre trafikksikringsmidlar har vegvesenet tilgjengeleg, slik at nokre tiltak vil verta iverksett umiddelbart. Det gjeld først og fremst skilting av nedsett fartsgrense gjennom Vabakkjenkrysset.

Vil drøfta framskunding av Vabakkjenkryss

Ordførar Liv Kari Eskeland fortel at kommunen også vil ha eit møte med vegvesenet for å gå gjennom dei ulike tiltaka som er skissert i rapporten. Målet er å få tidfesta når dei ulike tiltaka kan koma på plass.

– Parallelt med møtet ynskjer me å drøfta korvidt det kan vera realistisk å få til ei framskunding av oppgraderinga av Vabakkjenkrysset gjennom eit offentleg-privat samarbeid, seier Eskeland.

Etter den opprinnelege planen skal krysset stå ferdig i 2013.  

Kortsiktige tiltak

Vegvesenet har i rapporten føreslått følgjande kortsiktige tiltak

  1. Bakgrunnsmarkeringar mellom Studalen og Rommetveit. Lågare fartsgrense gjennom Vabakkenkrysset. Rumlefelt i Litlabøkrysset og krysset ved Ådland bru. Skilta med full stopp i kryss med manglande vikepliktsrespekt. Gjennomgå rutinane for vintervedlikehaldet. Kr 0,5 mill
  2. Veglys mellom Studalen og Vestlikrysset. Kr 2,5 mill
  3. Midtfelt (sinusoppmerking). Føyno – Meatjønn. Grov – Jektevik. Jektevik – Raunholm. Kr 1,3 mill
  4. Fartsvisningstavler ved Litlabøkrysset og Vestlikrysset. ATK ved Rommetveit. Kr 2,0 mill
  5. Utføre strakstiltak etter Ts-inspeksjon. Dette inkluderer også siktutbetringar og URF-tiltak. Kr 4-6 mill
  6. Siktutbetring, passeringslomme/kanalisering av Litlabøkrysset. Siktutbetring, utbetring av kanalisering av Vestlikrysset. Kr 4-8 mill

Langsiktige tiltak

I rapporten til vegvesenet er det også føreslått meir omfattande langsiktige tiltak for vegstrekkja. Her er midtrekkverk/midtmarkering, planskilte kryssingspunkt og toplankryss dei viktigaste elementa. Det er ikkje føreslått konkret kor desse bør byggjast. – Dette må koma fram i arbeidet med rulleringane av Nasjonal Transportpan, skriv vegvesenet i rapporten.

Les rapporten

Les om føreslåtte tiltak, ulukker og vegstandard i vegvesenet sin rapport om E39 over Stord 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen